Stillingsbeskrivelse

Published 18-11-2024
Deadline: 09-12-2024

 

Forskingssjukepleiar (20 % mellombels) ved Klinisk institutt 1

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskingssjukepleiar (20 % mellombels) ved Klinisk institutt 1

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, er det ledig ei mellombels stilling (20 %) som forskingssjukepleiar i 2 år. Stillinga er knytt til forskingsprosjekt ved K.G. Jebsen Senter for Parkinsons sykdom.

Arbeidsoppgåver:

Forskingssjukepleiar vil delta i alle oppgåvene i eininga i samarbeid med ein administrativ og ein vitskapleg ansvarleg for eininga, og stå for den daglege drifta.

Hovudoppgåvene vil vere å planlegge deltakarflyt og logistikk, utføre standarundersøkingar av studiedeltakarar, utfylling av spørjeskjema, registrering av studiedata/-dokumentasjon, blodprøvetaking, i tillegg til bestillingar, innkjøp og oversikt over varebehaldning, budsjett og utgifter angåande forskingsprosjekt ved K.G. Jebsen Senter for Parkinsons sykdom.

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha utdanning og autorisasjon som sjukepleiar
  • relevant vidareutdanning er ønskjeleg
  • erfaring frå prosjektarbeid/forsking er ønskjeleg
  • må ha betydeleg erfaring med kliniske studiar på Parkinson sjukdom, inkludert erfaring med standardiserte kliniske skalaer som til dømes: MDS-UPDRS, MDS-NMS, MoCA, B-SIT, etc. 
  • må ha jobbet med randomiserte kliniske behandlingsstudiar 
  • søkjar må beherske norsk munnleg og skriftleg og kunne kommunisere godt skriftleg og munnleg på engelsk 

Vi søkjer ein person som

  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • er positiv, engasjert, uredd og fleksibel og som raskt kan setje seg inn i nye oppgåver
  • kan planlegge og utføre eigne arbeidsoppgåver sjølvstendig, effektivt og nøyaktig, samt kunne jobbe godt i team
  • har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter

Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga. 

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn er for tida kr 594 500 – 646 000 (kode 807, lønssteg 61-66). For søkjar med spesialutdanning er løn for tida kr 615 700 – 667 700 (kode 810, lønssteg 63-66). Løn er brutto per. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. 
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Forskningsrådgiver Yamila Torres Cleuren, yamila.cleuren@uib.no, +47 55 58 54 31.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Universitetet i Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Webside https://www.uib.no/om/84775/ledige-stillinger-ved-uib
Bransje Natur og miljø
Yrke Naturvitenskapelige yrker
Sted BERGEN (Adresse: Jonas Lies vei 87 Postnr: 5021)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 09-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/54d7f9db-e4f8-4652-8281-0083e1cf7642
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/271113