Forskingsrådgjevar/ Søknadsskrivar – Medisinsk klinikk, Helse Bergen

Construction Andre ingeniorer

(15 timer siden)

  • BERGEN
  •  Lagt til dato: 6. november 2024
  •  Expire date: 1. desember 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 06-11-2024
Deadline: 01-12-2024

 

Forskingsrådgjevar/ Søknadsskrivar

Ønsker du å bidra til medisinsk forsking og innovasjon?

I Medisinsk klinikk søker vi etter ein forskingsrådgjevar/søknadsskrivar som vil ha ei nøkkelrolle i å utvikle prosjektsøknader og sikre eksternfinansiering til klinikken sitt forskings- og innovasjonsmiljø.

Medisinsk klinikk ved Haukeland universitetssjukehus har over 600 tilsette fordelt på fleire seksjonar, inkludert Seksjon for infeksjonssjukdommar, Seksjon for nyresjukdommar, Seksjon for hormonsjukdommar, Seksjon for blodsjukdommar, Seksjon for fordøyingssjukdommar, Seksjon for klinisk ernæring, Seksjon for sosionomtenester, Seksjon for kontortenester og Forskingsseksjonen. Vi har høg forskings- og innovasjonsaktivitet parallelt med ein travel klinisk kvardag og ønskjer å styrke støtta til våre tilsette i utforming av prosjektsøknader.

Om stillinga
Vi søkjer deg som har erfaring med søknadsarbeid, spesielt innan forskings- og innovasjonssøknader og prosjektoppfølging innan Norges forskingsråd, EUs rammeprogram for forsking og innovasjon og andre keldar som lyser ut midlar til forsking og innovasjon. Du vil samarbeide tett med klinikarar og forskarar for å utvikle søknader og støtte tilsette i alle fasar av forskings- og innovasjonsprosjekt – frå idé til rapportering.

Du vil bli ein medarbeidar i Forskingsseksjonen i Medisinsk klinikk og rapportere til seksjonsleiar. Her vil du få moglegheit til å bistå og utvikle tilsette til å nå opp i konkurransen om forskingsløyvingar. Hos oss blir du ein pådrivar for å auke talet på innvilga prosjektsøknader og ein trygg støttespelar i oppfølginga av eksternfinansierte prosjekt.

Arbeidsoppgåver

  • Utvikle og gjennomføre tiltak som støttar arbeidet med prosjektsøknader
  • Samarbeide med klinikarar og forskarar og bidra aktivt i kartlegging av søknadsmoglegheiter, utvikle nye prosjekt, skrive søknader og rapportere. Ein betydeleg del av stillinga vil omfatte praktisk gjennomføring av søknadsprosessar
  • Aktivt oppsøke og gi råd om strategi og målretting av søknader
  • Innhente og formidle informasjon om relevante finansieringskjelder til klinikken sine tilsette
  • Rådgjeving om eksternfinansiert verksemd, inkludert Norges forskingsråd, EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, etc.
  • Rådgjeving om drift av forskings- og innovasjonsprosjekt, inkludert reglar og rutinar, avtalar, rapportering, datahandtering, open forsking, forskingsetikk og personvern
  • Formidle relevant kunnskap gjennom kurs, presentasjonar og på web
  • Halde seg kontinuerleg fagleg oppdatert
  • Arbeidsoppgåvene kan variere og andre oppgåver kan bli lagt til stillinga ved behov

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på doktorgradsnivå. Relevant arbeidserfaring kan erstatte utdanningskravet
  • Erfaring med søknadsarbeid og søknadsskriving av forskings- og innovasjonsprosjekt frå finansieringskjelder som Norges forskingsråd, EUs rammeprogram, etc.
  • God kjennskap til og erfaring frå verkemiddelapparatet for forskingsfinansiering
  • Særs gode formuleringsevner både skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
  • God IKT-kompetanse
  • Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt

Personlege eigenskapar

  • Evne til å ta initiativ, drive og fullføre prosessar, spesielt når det gjeld å innhente ekstern finansiering og motivere klinikarar til å søke forskingsmidlar
  • Høg evne til å jobbe sjølvstendig og handtere fleire prosjekt samtidig, med god gjennomføringsevne og innan fastsette fristar
  • Gode evner til å jobbe tett med kliniske forskingstilsette, forskarar, stab og leiing, og bygge gode relasjonar på tvers av tilsettegrupper, einingar og samarbeidande institusjonar
  • Opptatt av høg kvalitet på arbeidet
  • Openheit for å lære nye ting, tilpasse seg endringar i regelverk og søknadsordningar, og halde seg fagleg oppdatert
  • Engasjement for å løyse utfordringar og oppnå klinikken og sjukehuset sine mål
  • Evne til å jobbe under høgt arbeidspress for å levere innan fristar

Vi tilbyr

  • Lønn som rådgjevar/seniorrådgjevar (i henhold til Helse Bergens lønnspolitikk), avhengig av erfaring og kompetanse
  • Arbeid i eit inspirerande klinisk miljø med høg forskingsaktivitet
  • Varierte og utfordrande oppgåver som gir rom for både fagleg og personleg utvikling
  • Gode velferdsordningar
  • God pensjonsordning i Kommunal Landspensjonskasse (klp.no).

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev
  • CV
  • Relevante vitnemål
  • Eventuelle attestar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Amra Grudic-Feta, seksjonsleiar, 99636904, amra.grudic-feta@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4881733166
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Medisinsk klinikk, Helse Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Bygg og anlegg
Yrke Andre ingeniører
Sted BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 22 Postnr: 5021)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 01-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/959117d4-97b7-41d7-a8ff-078a0c1dc3f1
IMPORTAPI