Forskar ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin – Universitetet i Bergen
Construction Andre ingeniorer(7 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 19-03-2025
Deadline: 03-04-2025
Forskar ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w
Forskar
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei mellombels stilling som forskar (80% i 8 mnd frå 1.6.2025, med moglegheit for forlenging).Stillinga er ekstern finansiert av Forskningsrådet, og er for tida knytt til prosjekt «Pesticides and exposures from traditional textile industry associated with own and offspring health in indigenous Guatemalan communities».
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
- Bidra til prøvetaking og analyse av prøver frå menneske, jord og vann.
- Bidra i tolking av prøvesvar samt analyse av samanheng med helseutfall.
- Skriving av vitskaplege artiklar på data samla inn i prosjektet.
- Bidra i rettleiing av yngre forskarar.
- Bidra til at resultata frå prosjektet vert formidla tilbake til prosjektdeltakar og organisasjonar som deltar i prosjektet.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjar må ha relevant norsk ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad.
- Søkjar må ha vitskaplege kvalifikasjonar innan forsking på måling av kjemiske faktorar i luft og biologisk monitorering av markørar for eksponering og tidleg effekt.
- Praktisk erfaring frå måling og vurdering av kjemisk eksponering i miljø og arbeidsmiljø vil bli tillagt stor vekt.
- Eksponeringa for kjemiske agens i miljø og arbeid er kompleks. Det er difor ønskeleg at søkjar har kunnskap om og erfaring med eksposom-konseptet, og med komplekse datasett og kjennskap til metodar som kan nyttast i analyse av eksposomet (til dømes exposome-wide association study (ExWAS), LASSO,…).
- Resultata frå prosjektet skal omsettast i eksponeringsreduserande tiltak fyrst og fremst i dei samfunna som deltar i prosjektet, men og i samfunn med tilsvarande eksponeringar. Det er difor ønskeleg at søkjar har erfaring med forvaltningsstøtte inkludert kompetanse innan toksikologiske vurderingar, risikovurdering og risikokommunikasjon.
- Søkjar må ha erfaring med å utarbeide kriteriedokument for vurdering av dei ibuande helseskadelege effektar av stoff og fastsetjing av grenseverdiar (for eksempel i IARC/WHO, NEG).
- Det er ønskjeleg at søkjar har erfaring med rettleiing og undervisning.
- Søkjar må ha erfaring med utarbeiding av prosjektsøknadar om ekstern finansiering.
- Evne til sjølvstendig initiativ og evne til samarbeid vert vektlagt i vurdering av søkjarane.
- Kandidaten må ha høg arbeidskapasitet og entusiasme for forsking.
- Søkjar må vere særs god i munnleg og skriftleg engelsk og norsk.
- Kandidaten må ha erfaring frå internasjonalt samarbeid.
Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.
Vi kan tilby:
- Eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan miljø og lungehelse.
- Løn som forskar,kode 1109, for tida kr. 655 000, – ved tilsetjing. For søkjarar med spesialitet er løn for tida kr. 680 000, – brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
- Gode velferdsordningar.
Søknaden skal innehalde:
- Eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne.
- Ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV).
- Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar).
- Publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i PDF-format) og ei liste over desse.
- Doktorgradsavhandlinga (i PDF-format).
- To referansar (namn og kontaktinformasjon).
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som pdf vedlegg til søknaden.
Følgjande premissar er lagt til grunn for stillinga som forskar:
- Forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under.
- Lønsutgiftene skal om mogleg vere 100 % eksternt finansiert.
- Forskaren skal aktivt bidra med å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til både seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder.
- Det er forventa at forskaren har sin forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med.
- Instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt.
- Forskaren kan inneha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB.
- Forskaren har ikkje undervisningsplikt, men forventast å rettleie master- og ph.d.- studentar i den grad dette inngår som ein naturleg del av forskingsaktiviteten i forskingsgruppa.
- Forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk.
- Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lov om statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande for fast tilsette.
Generell informasjon:
Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Cecilie Svanes, e-post: cecilie.svanes@uib.no og cecilie.svanes@helse-bergen.no, telefon: 90892762.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Universitetet i Bergen orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad. Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt. |
Webside | https://www.uib.no/om/84775/ledige-stillinger-ved-uib |
Bransje | Bygg og anlegg |
Yrke | Andre ingeniører |
Sted | BERGEN (Adresse: Årstadveien 17 Postnr: 5018) |
Stillingstype | Vikariat Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 03-04-2025 |