Forskar (mellombels) – Universitetet i Bergen

Construction Andre ingeniorer

(1 uke siden)

  • BERGEN
  •  Lagt til dato: 17. mars 2025
  •  Expire date: 1. april 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 17-03-2025
Deadline: 01-04-2025

Forskar (mellombels)

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

. Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w

Forskar 

Ved Det medisinske fakultet,  Institutt for global helse og samfunnsmedisin er det ledig ei 100%  mellombels stilling som forskar i kode 1108 (uten doktorgrad) for ein periode på 1 år (12 mnd). Stillinga er eksternt finansiert gjennom NFR-prosjektet «An inverse translational research project for identifying new treatments for Parkinson's disease: The Epi screening project». 
Stillinga er knytt til Fagområde for Epidemiologi og Medisinsk statistikk (EPISTAT)

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Prosjektet nyttar avanserte metodar innanfor medisinsk statistikk og epidemiologi til å analysere data frå norske helseregister, med hovudfokus på medikamentdata frå Legemiddelregisteret. Målet er å identifisere medikament som er assosiert med auka eller redusert risiko for utvikling av Parkinson's sjukdom og progresjon av Parkinson's sjukdom. Dette kan gi ny informasjon om mekanismen bak sjukdomen og resultere i identifisering av allereie ekisterande medikament som kan brukast til behandling av sjukdomen. Forskaren vil ha ansvar for tilrettelegging og analyse av registerdata, utforming av vitskaplege artiklar og presentasjon av forskningsresultat på internasjonale konferansar. Det kan også vere aktuelt å delta i rettleiing av master og PhD-studentar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Må ha norsk mastergrad i epidemiologi, statistikk, nevrovitenskap eller tilsvarande kompetanse
  • Søkjar må dokumentere evne til å jobbe sjølvstendig, vitskapleg kreativitet, og å kunne samarbeide med andre
  • Søkjar må dokumentere erfaring frå forskning på Parkinson's sjukdom
  • Søkjar må ha erfaring med statistisk analyse av medikamentdata frå Legemiddelregisteret
  • Søkjar må ha høg kompetanse innanfor epidemiologiske metodar, spesielt metodar for kausal inferens basert på observasjonsdata som f.eks. emulering av randomiserte studiar i registerdata
  • Søkjar må ha kunnskap om programmering i statistikkpakken R og Stata 
  • Søkjaren må være motivert og ansvarstakande med stor arbeidskapasitet og entusiasme for forskning

Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan epidemiologisk forskning på Parkinson's sjukdom og andre nevrologiske sjukdomar 
  • Løn for tida kr 550 000 brutto pr. år (kode 1108) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. 
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål og relevante attestar (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • Eventuelle publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10) og ei liste over desse
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Følgjande premissar er lagt til grunn for stillinga som forskar:

  • Forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under 
  • Lønsutgiftene skal om mogleg vere 100 % eksternt finansiert 
  • Forskaren skal aktivt bidra med å innhente eksterne prosjektmidlar til 
         fagmiljøet, til både seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder 
  • Det er forventa at forskaren har sin forskingsaktivitet finansiert av   
         prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med 
  • Instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt 
  • Forskaren kan inneha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB 
  • Forskaren har ikkje undervisningsplikt, men forventas å rettleie master- og 
          ph.d.- studentar i den grad dette inngår som ein naturleg del av  
          forskingsaktiviteten i forskingsgruppa 
  • Forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk 
  • Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og 
          ny lov om statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast 
          gjeldande for fast tilsette 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Jannicke Igland, tlf 55 58 85 28, e-post: jannicke igland@uib.no.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Universitetet i Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Webside https://www.uib.no/om/84775/ledige-stillinger-ved-uib
Bransje Bygg og anlegg
Yrke Andre ingeniører
Sted BERGEN (Adresse: Årstadveien 17 Postnr: 5018)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 01-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/5a28ff76-27aa-4b2b-949a-ddc934af8d68
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/277592

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31