Stillingsbeskrivelse

Published 12-09-2024
Deadline: 02-10-2024

 

Forskar innan vassmiljø og ferskvassøkologi

Nøkkelinformasjon

Du vil bidra til utviklinga av overvakingsmetodikk og styrkje forståinga av dei komplekse forholda mellom arealinngrep og vasskvalitet. Du vil få ansvar for oppfølging av samferdselsprosjekt, prosjektinnhenting, og dessutan utvikling av metodikk og ny kunnskap innan fagfeltet.

Vi forventar at du har forståing for dei komplekse biologiske og kjemiske prosessane som føregår i eit økosystem, og korleis desse prosessane blir påverka av ulike ytre faktorar. Over tid forventar vi at du vil vere i stand til sjølvstendig å skaffe forskings- og oppdragsprosjekt, og etablere ein prosjektportefølje som gagnar både avdelinga og divisjonen som heilskap.

Hovudoppgåvene til stillinga

  • Prosjektoppfølging og rapportskriving 
  • Vasskvalitetsovervaking i ulike prosjekt
  • Planlegging av feltarbeid
  • Bidra til innhenting av prosjekt
  • Utvikling av metodar for overvaking

Kvalifikasjonskrav

  • Minimum mastergrad innanfor relevante fagområde (t.d. hydrologi, limnologi og økosystemfag)
  • Erfaring med rapportskriving og prosjektoppfølging
  • Behersker godt norsk skriftleg og munnleg
  • Førerkort klasse B

Det er ein fordel om du har

  • Kjennskap til vassforskrifta og kunne nytte og kjenne til dei rettleiarane som følgjer med denne mhp. klassifisering av elvar og innsjøar
  • Kunnskap om miljøgifter og økotoksikologi, inkludert kjelder til desse
  • God forståing for forvaltning av elvar og innsjøar
  • Erfaring med prøvetaking av biota, vasskjemi, sediment mm i elvar og innsjøar
  • Kjennskap til stasjonær prøvetagningsmetodikk
  • Kunnskap om taksonomi på vasslevende artar
  • Behersker engelsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du bør ha gode samarbeidsevner og vere initiativrik
  • Engasjement for problemstillingar om vassmiljø er viktig
  • Du må vere nøyaktig, kunne arbeide sjølvstendig og likevel blir trivast med lagarbeid
  • Du bør vere strukturert, resultatorientert og ha gjennomføringsevne

Vi tilbyr

  • Moglegheit til å jobba med eit viktig samfunnsoppdrag med fokus på miljø, berekraft og framtidsretta prosjekt
  • Utfordrande, spennande og varierte oppgåver i tverrfaglege team
  • Ein fleksibel kvardag med moglegheit til å påverka eigne arbeidsoppgåver
  • Eit sterkt fagmiljø med gode kollegaer
  • Ein raus personalpolitikk med velferdsordningar og fokus på dei tilsettes ulike livsfaser

Stillinga er plassert i det statlege lønsregulativ som forskar kode 1108 eller 1109, årsløn kr  548 600 – 720 100 (tilsvarande lønssteg 56-72). Løna vert vurdert etter utdanning og erfaring.

Medlemskap i Statens Pensjonskasse, noko som inneber ei god tenestepensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring, og tilbod om bustadlån til ei gunstig rente.

Les meir om NIBIO som arbeidsgjevar her: Jobb i NIBIO

Korleis søkja på stillinga

CV sendar du elektronisk via lenkje på denne sida, «søk stillinga». Vi nyttar ikkje søknadsbrev, men ber i staden om å svare på nokre spørsmål.

Vitnemål og attestar skal takast med ved eit eventuelt intervju, eller leggjast ved elektronisk.

NIBIO gjennomfører bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar via samarbeidspartnaren vår Semac AS.

Andre opplysingar

Vi legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkja – uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, hol i CV, nasjonal eller etnisk bakgrunn.

Som statleg verksemd har vi moglegheit til å gi ein positiv særbehandling for søkjarar som har funksjonsnedsetjing, hol i CV eller innvandrarbakgrunn. Positiv særbehandling inneber mellom anna at du lettare vil komma til intervju.
Les meir om dette her.

Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan verte gjorde offentlege, jf. Lov om rett til innsyn i dokumenter i offentleg verksemd (offentleglova), § 25. Ein søkjar kan be unntak frå oppføring på den offentlege søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) orgnr: 973596438
Kort om arbeidsgiver

NIBIO arbeider med landbruk, mat, klima og miljø. Vi leverer forsking, forvaltingsstøtte og kunnskap til bruk i nasjonal beredskap, forvalting, næringsliv og samfunnet elles. NIBIO har hovudkontor i Ås i Viken, har om lag 750 tilsette, og er til stades i alle landsdelar. Landbruks- og matdepartementet er eigar av NIBIO.

Avdelinga utfører forsking og oppdrag innan m.a. vasskvalitet, hydrologi, grunnvatn, avløpsløysingar, heilskaplege nedbørsfeltanalysar, miljøstatistikk, tiltak i vassstrengen, og tar i bruk ulike modellar for å føreseie effektar av klima- og arealbrukendringar på vassmiljøet.

Webside http://www.nibio.no/
Bransje Natur og miljø
Yrke Biologer, zoologer, botanikere
Sted ÅS (Adresse: Oluf Thesens vei 43 Postnr: 1433)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 02-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/068b53c2-8e21-4bc7-8650-0b6eb4f8d737
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/265414