Forskar i syntetisk datagenerering og påliteleg KI i utdanning – Universitetet i Bergen

Construction Andre ingeniorer

(3 dager siden)

  • BERGEN
  •  Lagt til dato: 19. desember 2024
  •  Expire date: 6. januar 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 19-12-2024
Deadline: 06-01-2025

 

Forskar i syntetisk datagenerering og påliteleg KI i utdanning

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

. Video: https://www.youtube.com/watch?v=vtJLmcUJ3-w

Forskar (2 år)

Det er ei ledig stilling forskar ved Centre for the Science of Learning & Technology (SLATE), Det psykologiske fakultet, innan syntetisk datagenerering og påliteleg kunstig intelligens i utdanning. Stillinga er mellombels i 100% for 2 år, med oppstart så snart som mogleg.

Centre for the Science of Learning & Technology  (SLATE), som ligg ved Det psykologiske fakultet, er eit forskingssenter for læringsvitskap som driv tverrfagleg forsking på dei teknologiske, pedagogiske, kulturelle, etiske og juridiske aspekta ved læringsanalyse (LA) og kunstig intelligens i utdanning (AIED) og fremjar ansvarleg bruk av teknologi i utdanning. Som eit tverrfagleg senter ser vi på forskingsutfordringar frå fleire perspektiv. Vi er eit dynamisk og inkluderande miljø med rundt 21 personar. Alle tilsette er forventa å bidra til suksessen til senteret.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Den tilsette vil arbeide på prosjektet for syntetisk datagenerering og EduTrust AI-prosjektet i tett samarbeid med prosjektleiarane, og på andre SLATE-prosjekt etter behov. Prosjektet for syntetisk datagenerering har som mål å skape kunstige data ved hjelp av djupnelæringsmetodar og generativ AI for å skalere opp utdanningsvitskap og tilby personvernvenlege løysingar for utdanningsdata. I EduTrust AI vil kandidaten bidra til utviklinga av EduTrust-repository, inkludert evaluering av AI-verktøy. Arbeidsstaden er i Bergen, Noreg.

Den som blir tilsett vil:

  • Bruke djupnelæring og generativ AI-teknikkar for å skape høgkvalitets syntetiske data
  • Utvikle, finjustere og evaluere modellar for syntetisk datagenerering med tanke på nytte, truverd og personvern
  • Bruke statistiske og AI-metodar for å grundig evaluere kvaliteten på generert syntetisk data
  • Utvikle modellar og verktøy for brukarvennleg syntetisk datagenerering
  • Bidra til utviklinga av repositoriet og evaluering av AI-verktøy i EduTrust
  • Bidra til senteret sine formidlingsaktivitetar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad i informatikk
  • Sterke programmeringsferdigheiter i Python og C++
  • Solid kunnskap om TensorFlow, Keras og Pytorch
  • God kjennskap til Git, Google Colab og MySQL
  • Erfaring med bruk av GAN-baserte modellar som CTGAN for syntetisk datagenerering
  • Erfaring med personvernvenlege AI-teknikkar er ein fordel
  • Finjustering av store språkmodellar for syntetisk datagenerering er ein fordel
  • Erfaring med teamarbeid og samarbeid er eit krav
  • God skriftleg og munnleg engelsk er eit krav
  • Entusiasme, engasjement og glede av forsking

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Ei årsløn på kr 532 200 – 565 900 i samsvar med statens lønsregulativ ved tilsetjing (stillingskode: 1108). Vidare opprykk vert gjort etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg høgt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn bli vurdert.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing (på engelsk) om forskingsinteressene dine og motivasjonen for å søkje på stillinga
  • CV
  • Vitnemål og diplom som viser fullføring av mastergrad
  • Relevante sertifikat som stadfestar tidlegare jobbar (på skandinavisk eller engelsk)
  • Ei fullstendig liste over akademiske publikasjonar
  • Namn og kontaktinformasjon til to referansepersonar

Vi gjer merksam på at søknader saman med vedlagt informasjon og vedlegg knytt til søknaden i JobbNorge vil bli vurdert etter søknadsfristen. Vedlegg må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, og eventuelle omsetjingar må vere stadfesta.

Det er søkjarens ansvar å sikre at all informasjon er sendt inn innan søknadsfristen.

Det er særleg viktig at kvart av vedlegga som skal takast med i vurderinga, er lasta opp i sin heilskap som eit vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan du få ved å vende deg til: 

Dersom du har praktiske spørsmål knytt til søknaden, kan du kontakte:

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Universitetet i Bergen orgnr: 974799154
Kort om arbeidsgiver

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Webside https://www.uib.no/om/84775/ledige-stillinger-ved-uib
Bransje Bygg og anlegg
Yrke Andre ingeniører
Sted BERGEN (Adresse: Christiesgate 12 Postnr: 5015)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 06-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/8e90cb6c-43e4-418e-96ca-14c0517b44c5
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/272333