Flåmsbana søker hyggelege turistvertar for sesongarbeid 2025 – Flåmsbana AS
Reiseliv og mat Reiseliv hotell og overnatting(3 uker siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 29-01-2025
Deadline: 25-02-2025
Flåmsbana søker hyggelege turistvertar for sesongarbeid 2025
Ynskjer du ein spanande og lærerik sommarjobb? Då har me jobben for deg!
Me på Flåmsbana er på jakt etter hyggelege turistvertar for sesongarbeid hjå oss sommaren 2025.
Turistvertane er våre ansikt utad mot kunden. Dei møter kunden ved ombordstiging i Flåm og på Myrdal, og reiser med kunden på toget. Det må guidast og organiserast – ein perfekt jobb for deg som er utadvent og løysningsorientert.
Me ser etter personar som står på, er serviceinnstilt og som trivst med eit høgt arbeidstempo. Om du kunne tenkje deg å jobbe i eit uformelt internasjonalt arbeidsmiljø, og bidra til å skape fantastiske reiseopplevingar for våre gjester, så er ein sommarjobb hjå oss noko for deg.
Me har også spanande stillingar som selgarar, vaskepersonale og sykkelekspeditørar. Sjå eigne utlysingar.
Me treng folk i heile (eller deler av) tidsrommet 1.april – 31. oktober.
Skriv ein kortfatta søknad på e-post, der det går fram kva stilling du søker på, tidsrom som er aktuelt å jobbe i perioden april – oktober, samt om du har behov for losji i Flåm under arbeidsperioden. Flåmsbana AS kan vera behjelpeleg med dette, men eigen bustad er ein fordel.
Søknad og CV sendast til jobbsoknad@flamsbana.no
Intervju og tilsettingar skjer fortløpande.
DIVERSE INFO