Stillingsbeskrivelse

Published 30-06-2024
Deadline: 15-07-2024

 

Fjord habilitering søker dyktig og engasjert helsefagarbeidar til avdelinga i Valldal

Fjord Kommune er på jakt etter deg som har lyst på ei spennande stilling i Fjord habilitering avd. Valldal!

Fjord habilitering driv målretta miljøarbeid for menneske med nedsett funksjonsevne, der målet er heilheitleg omsorg, eit aktivt liv, skape trivsel og oppretthalde best mogleg funksjonsnivå. Stillinga vil ha arbeidsstad i Valldal, og har mange dyktige medarbeidarar. Vi er på jakt etter autoriserte helsefagarbeidarar med erfaring frå pleie og omsorg. Personar med anna relevant bakgrunn er også velkomne til å søke. 

Avdelinga har ledig ei 80% fast stilling med kombinasjon av langvakter (14 timar) og nokre nattevakter. Stillinga på 50% er kun langvakter. Oppstart 01.09.2024. 

Arbeidsoppgåver

Miljøretta tiltak og aktivitetar der ein skal ivareta brukarmedvirking, og legge til rette for ein aktiv og sosial kvardag. Vi skal skape trivsel, støtte og motivere, forebygge konflikter, vise omsorg og bidra til at brukarane føler meistring i kvardagen med mål om at kvar enkelt tenestemottakar skal ha optimal livskvalitet. 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar (primært)
  • Beherske godt norsk skriftleg og munnleg
  • Politiattest av ny dato blir krevd framlagt
  • Personar som utdannar seg oppfordrast til å søkje på stillinga.
  • Bilsertifikat klasse B

Personlege eigenskapar

  • Forutan faglege kvalifikasjonar vert personlege eigenskapar vektlagt.
  • Vi søkjer ein omsorgsfull, stabil og påliteleg medarbeidar
  • Du må samarbeide godt og ha evne til å arbeide sjølvstendi
  • Er serviceinnstilt

Vi tilbyr

  • Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
  • Variert arbeid i positivt miljø
  • God pensjonsordningi KLP
  • Løn etter gjeldande avtaleverk

Kontaktinformasjon

Kjetil Uri, Teamleiar Bu. og Hab. Valldal, 41867992
Anna Birgitt Myklebust, Leiar Fjord habilitering, +47 41867990

Arbeidsstad

Olavsgata 38
6210 Valldal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord kommune

Referansenr.: 4834562193
Stillingsprosent: 80, 50%
Fast
Startdato: 01.09.2024
Søknadsfrist: 15.07.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Fjord kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.

Fjord kommune som har litt under 2500 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.

Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen via opplevfjord.no

Webside http://www.fjord.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Miljøarbeidere
Sted VALLDAL (Adresse: Olavsgata 38 Postnr: 6210)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-09-2024
Søknadsfrist 15-07-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/76e628d5-5e65-4052-8de5-f87f7d7e7f57
IMPORTAPI