Fjellstrand søker trainee: Maskiningeniør – Framtidsfylket AS
Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare(2 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 16-12-2024
Deadline: 01-03-2025
Fjellstrand søker trainee: Maskiningeniør
Arbeidskvardagen din
- Design av framdriftssystem, røyr og ventilasjon til både nye fartøy og ombyggingsprosjekt.
- Oppfølging av leverandørar og produksjonsprosessar frå start til slutt.
- Bidrag til utvikling av avanserte produktmodellar og berekraftige løysingar.
Hos oss vil du vere involvert i alt frå bygging av nye fartøy til ombyggingar av eksisterande skip, inkludert prosjekt innan havbruk og offshore. Som trainee får du jobbe tett med eit sterkt fagmiljø som kombinerer erfaring med nytenking. Me samarbeider med kjende aktørar som NTNU og Sintef og leverer både nasjonalt og internasjonalt.
Kva du kan forvente hjå oss
- Spennande prosjekt: Variasjon er vår kvardag – du kan vere med på alt frå ombygging av forsyningsfartøy til utvikling av grøne energiløysingar.
- Eit samansveisa team: Her jobbar du saman med folk som ikkje berre kan faget sitt, men som også bidreg til eit sosialt og inkluderande arbeidsmiljø.
- Utviklingsmoglegheiter: Me legg til rette for kurs og kompetanseheving, i tillegg til eit arbeidsmiljø som utfordrar og inspirerer deg.
- Litt ekstra kvardagsglede: Kaffi i særklasse og spontane turar i fjella rundt Omastrand er berre noko av det du kan glede deg til.
Livet utanfor jobben
Omastrand er den perfekte plassen for deg som verdset balanse mellom arbeid og fritid. Med fjord og fjell som nærmaste naboar har du uendelege moglegheiter for friluftsliv, vassport, kulturarrangement og rolege stunder i vakre omgjevnader.
Bli med oss i Fjellstrand og bidra til å forme framtida for maritim innovasjon! Søk i dag!
Denne stillinga er ein del av Framtidsfylket sitt traineeprogram
Å starte arbeidslivet som trainee i Framtidsfylket Vestland gir ein smooth overgang frå studieliv til arbeidsliv. Gjennom traineeprogrammet får du oppfølging frå eigen mentor og vil oppleve eit støttande fellesskap med andre traineear. Fire gonger i året reiser du på traineesamling for å få fagleg påfyll, personleg utvikling og møte andre traineear. I løpet av året vil du utvide både ditt profesjonelle og personlege nettverk og oppleve vakre Vestland.
Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:
- Minimum bachelor-, master- eller fagskuleutdanning
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
- Krav til norskkunnskap: B1
Du vil jobbe som trainee i eitt år – frå august til august.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Framtidsfylket AS orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Frå 15. desember venter fleire traineestillingar på deg i Vestland. Er du nyutdanna eller fersk i arbeidslivet? Delta i Framtidsfylket sitt traineeprogram og set spor frå dag éin! Meld deg på nyheitsbrevet vårt og hald deg oppdatert. Kva vil det seie å vere trainee i Framtidsfylket? Her får du svara på ofte stilte spørsmål. Vestland byr på eit variert og spennande næringsliv med store karrieremoglegheiter! Framtidsfylket er fylket si eiga merkevare for jobb og rekruttering, og omfattar i dag jobbportalen Framtidsfylket.no, Framtidsfylket Trainee og Framtidsfylket Karrieremesser. Vår jobb er å synleggjere kva som rører seg på jobbmarknaden og kva fritid du kan skape deg i trivselsfylket. Målet er rekruttering og auka tilflytting. Framtidsfylket.no tilbyr deg gode verktøy for jobbsøking og rekruttering av nye tilsette. Portalen fungerer som eit virtuelt samlingspunkt for arbeidsgjevarar og arbeidssøkjarar, og er alltid oppdatert med siste nytt. Les meir på Framtidsfylket.no |
Webside | https://www.framtidsfylket.no/ |
Bransje | Uoppgitt/ ikke identifiserbare |
Yrke | Ikke identifiserbare |
Sted | OMASTRAND (Adresse: Omavegen 225 Postnr: 5632) |
Stillingstype | Trainee Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 01-03-2025 |