Stillingsbeskrivelse

Published 13-03-2025
Deadline: 23-03-2025

Ferievikariat politibetjent

Vi har ledig fleire ferievikariat som politibetjent i Møre og Romsdal politidistrikt i perioden juni – august 2025. Avgangselevar ved PHS våren 2025 er velkomne til å søkje!

Tilsetting i vikariat etter forenkla tilsettingsprosedyre (administrativ tilsetting). Oppgåver er i hovudsak innan vakt og beredskap og etterforsking. Ein må også pårekne arbeid innan andre tjenesteområde, avhengig av behov. 

Vi ser etter deg som har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og som er ansvarsbevisst. Som medarbeidar i politiet kjenneteiknast du også som modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på.

Det er behov for ferievikar med arbeidsstad:

  • Ålesund
  • Volda/Ørsta / Ulsteinvik
  • Geiranger – Du må pårekne å bo i Geiranger i samband med reservetjeneste delar av veka. Under reservetjenesten bor ein på hyblar på Beredskapssenteret i Geiranger. Varigheit tre månadar. 
  • Molde
  • Kristiansund

Det kan bli fleire behov for ferievikariat. Det kan ikkje påreknast å avvikle ferie i perioden.

Når du søker på stillinga vil du bli bedt om å oppgi i søknaden kva for arbeidsstad(ar) du søkjer deg til/prioriterer. Vitnemål, karakterskjema og oppdaterte referansar skal leggast ved søknaden. Hent inn originalvitnemålet ditt ifrå vitnemålsportalen (eige valg i Webcruiter). Dersom vitnemålet ikkje føreligg på søknadstidspunktet, ber vi om karakteroversikt hittil og at du ettersender vitnemålet så snart det er klart.

Vi ser fram til å høyre frå deg! 

Arbeidsoppgåver

  • Arbeid innan beredskap, vakt- og patruljeteneste / arbeid som operatør ved operasjonssentralen
  • Utføre etterforsking med politiarbeid på staden (PPS) som arbeidsmetode
  • Arbeid innan etterforsking
  • Kriminalitetsførebyggande arbeid
  • Grensekontroll
  • Forvaltningsoppgåver/pass ID
  • Andre oppgåver som høyrer til den daglege tenesta
  • Kan påleggast andre oppgåver

    Kvalifikasjonar

    • Fullført og bestått politi(høg)skule ved tiltreding. Vitnemål skal leggast ved, evt. ettersendast når klart. Karakterskjema skal også fyllast ut og leggast ved søknaden, sjå: https://www.politiet.no/sok/?SearchText=karakterskjema2023.xlsx
    • Operativ godkjenning i kategori 4
    • Du må ha plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga

    Personlege eigenskapar

    • Gode kommunikasjonsevner
    • Gode samarbeidsevner
    • Ansvarsbevisst

    Som medarbeidar i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/

    Vi tilbyr

    • Administrativ, midlertidig tilsetting som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457) i Møre og Romsdal politidistrikt
    • Tilsetting er avhengig av erfaring og kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter.
      Vakt og beredskap/operatør:
      Politibetjent 3 – brutto årslønn frå kr. 535 000 – kr. 630 000
      Politibetjent 2 – brutto årslønn frå kr. 475 000 – kr. 525 000
      Politibetjent 1 – brutto årslønn frå kr. 450 000 – kr. 500 000
      Grense- og utlendingskontroll/kombitjeneste/førebygging/etterretning:
      Politibetjent 3 – brutto årslønn frå kr. 560 000 – kr. 655 000
      Politibetjent 2 – brutto årslønn frå kr. 500 000 – kr. 550 000
      Politibetjent 1 – brutto årslønn frå kr. 475 000 – kr. 535 000
      Etterforskar:
      Politibetjent 3 – brutto årslønn frå kr. 585 000 – kr. 680 000
      Politibetjent 2 – brutto årslønn frå kr. 525 000 – kr. 580 000
      Politibetjent 1 – brutto årslønn frå kr. 500 000 – kr. 560 000
    • Godtgjersle etter gjeldande ATB og tillegg for eventuell turnusteneste
    • Ved eventuell endring av tjenesteområde vert det gitt lønnsplassering etter gjeldande lønnsnivå for området
    • Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode pensjons- og forsikringsordningar. Sjå www.spk.no for meir informasjon.
    • Mogelegheit for trening i arbeidstida
    • Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste

    Tilsetting (administrativ) på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politi- og lensmannsetaten.

    Kontaktinformasjon

    Karl Idar Vik, Seksjonsleiar (Ålesund), 95 24 01 03
    Frode Halse Digernes, Seksjonsleiar (Volda/Ørsta/Ulsteinvik), 40 28 20 58
    Tony André Gjerde, Seksjonsleiar (Geiranger), 92 49 23 05
    Kim André Hovland, Seksjonsleiar (Kristiansund), 95832137
    Arnt Owe Røed, Seksjonsleiar (Molde), 71192000

    Arbeidsstad

    Nedre Strandgate 50
    6005 ÅLESUND

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Møre og Romsdal politidistrikt

    Referansenr.: 4936474208
    Stillingsprosent: 100%
    Førebels
    Søknadsfrist: 23.03.2025

    DIVERSE INFO

    Arbeidsgiver Møre og Romsdal politidistrikt  orgnr:
    Kort om arbeidsgiver

    Om politidistriktet
    Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer og dekker ei befolkning på om lag 270 000 menneske. Majestetiske fjellområde set naturlege avgrensingar i Møre og Romsdal fylke, og såleis politidistriktet. Det er Trollheimen på grensa mellom Nordmøre og Trøndelag, Romsdalsfjella med mellom anna Trolltindane i nedre del av Romsdal, Sunnmørsalpane på begge sider av Hjørundfjorden og Tafjordfjella mot Reinheimen Nasjonalpark sørvestover. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Møre og Romsdal politidistrikt har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.

    Organisering av politidistriktet
    Politidistriktet med om lag 650 tilsette, vert leia av politimeister Ingar Bøen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.

    Dette er verdiane våre
    I politiet jobbar vi etter prinsippa i medarbeidarplattforma som er å vere modig, heilskapsorientert, vise respekt og vere tett på. Vi meiner at inkludering og mangfald er ei styrke og treng medarbeidarar med ulik kompetanse, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogeleg legg vi til rette for deg om du har behov for det. 

    Positiv særbehandling av søkarar til statlege verksemder
    Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hòl i CV-en, eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen. Dersom du har funksjonsnedsetting, hól i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar vi deg til å krysse av i jobbportalen. Dette dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer på i sine årsrapportar.

    Om offentleg søkarliste
    Opplysingar om deg kan bli gjort offentlege sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på den offentleg søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følge, vil du bli varsla om dette.

    Har du hugsa dette?
    For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål.

    Webside www.politiet.no/jobb
    Bransje Sikkerhet og beredskap
    Yrke Politi, fengsel og toll
    Sted GEIRANGER (Adresse: Veg 1152 i Geiranger 14 Postnr: 6216)
    Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 12
    Sektor Offentlig
    Krav Unknown
    Tiltredelse Unknown
    Søknadsfrist 23-03-2025


    Kilde: NAV stillingsannonser
    https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/309d942a-eef4-4fd8-ad8f-148ab378c2e4
    IMPORTAPI

    Generic filters
    Exact matches only
    PrevNext
    SuMoTuWeThFrSa
         12
    3456789
    10111213141516
    17181920212223
    24252627282930
    31