Ferievikariat område Stryn 2025 – Stryn Kommune
Health and social care Helsefagarbeider(1 dag siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 25-11-2024
Deadline: 31-01-2025
Ferievikariat område Stryn 2025
Det vert lyst etter ferievikarar for sommaren 2025.
Ferievikariata er knytt til institusjon, omsorgsbustadar, heimesjukepleie
God opplæring vert gjeve. Du treng ikkje å ha arbeidd i tenestene tidlegare for å ta ferievikariat her hjå oss.
Arbeidsperiode: 16.06.25 – 10.08.25
Bonus: Du treng ikkje å arbeide heile perioden, men det vert utbetalt bonus om du arbeider samanhengande i 6 veker.
Tilsetting vert gjort fortløpande etterkvart som søknadane kjem inn.
Arbeidsoppgåver
- Pleie- og omsorgstenester
- Kjøkkenteneste
- Heimesjukepleie
Kvalifikasjonar
- Sjukepleiaroppgåver – studentar og helsefagarbeidarar kan søkje
- Helsefagoppgåver – ufaglært kan søkje
- Kjøkkenarbeid – ufaglært kan søkje
- Heimesjukepleie – studentar og helsefagarbeidarar kan søkje
Vi tilbyr
- Tilsetting etter gjeldande lover, tariff og reglement
- Grunnløn etter tariff
- Tillegg for arbeid kveld, natt og helg, 56 – 140 kr/time
- Bonus kr. 6.000,- for arbeid samanhengande i 6 veker
- Er du student med relevant studie, er du garantert ei timeløn på kr 236,89/time + evt. tillegg
Kontaktinformasjon
Reidun Aven, Avdelingsleiar område Stryn, 95801398
Arbeidsstad
Myrane 18
6783 Stryn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stryn Kommune
Referansenr.: 4888297643
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 31.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Stryn Kommune orgnr: 973988603 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Stryn kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, livserfaring og perspektiv. Ved behov vil vi så langt som mogleg legge til rette for tilpassing av utstyr, endring av rutinar og arbeidsoppgåver mm. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til stillinga om å søke, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, funksjonsnivå eller legning. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Stryn kommune er med sine om lag 7 250 innbyggjarar sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Næraste flyplass er Ørsta – Volda eller Sandane. Her finn du andre ledige stillingar i Stryn kommune: https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger?q=stryn |
Webside | http://stryn.kommune.no/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Helsefagarbeider |
Sted | STRYN (Adresse: Myrane 18 Postnr: 6783) |
Stillingstype | Sesong Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Privat |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 31-01-2025 |