Ferievikariat Miljø- og velferdstenester 2025 – Stryn Kommune
Health and social care Andre helseyrker(5 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 25-11-2024
Deadline: 31-01-2025
Ferievikariat Miljø- og velferdstenester 2025
Det vert lyst etter ferievikariar for sommaren 2025
Ferievikariata er knytt til heimetenestene, avlastningsbustad, psykiske helsetenester
God opplæring vert gjeve. Du treng ikkje å ha arbeidd i tenestene tidlegare for å ta ferievikariat hjå oss.
Arbeidsperiode: 16.06.25 – 10.08.25
Bonus: Du treng ikkje å arbeide heile perioden, men det vert utbetalt bonus om du arbeider samanhengande i 6 veker.
Tilsetting vert gjort fortløpande etterkvart som søknadane kjem inn.
Arbeidsoppgåver
- Miljøarbeid
Kvalifikasjonar
- Helsefagleg utdanna vert prioritert men ufaglært kan søkje
Vi tilbyr
- Tilsetting etter gjeldande lover, tariff og reglement
- Løn etter tariff
- Tillegg for arbeid kveld, natt og helg, 56 – 140 kr/time
- Bonus kr. 6.000,- for arbeid samanhengande i 6 veker
- Er du student med relevant studie, er du garantert ei timeløn på kr. 236,89/time + evt. tillegg
Kontaktinformasjon
Åshild Heggdal, Einingsleiar, 93446790
Arbeidsstad
Tonningsgata 4
6783 Stryn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stryn Kommune
Referansenr.: 4888287842
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 31.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Stryn Kommune orgnr: 987762012 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Stryn kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, livserfaring og perspektiv. Ved behov vil vi så langt som mogleg legge til rette for tilpassing av utstyr, endring av rutinar og arbeidsoppgåver mm. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til stillinga om å søke, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, funksjonsnivå eller legning. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Stryn kommune er med sine om lag 7 250 innbyggjarar sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Næraste flyplass er Ørsta – Volda eller Sandane. Her finn du andre ledige stillingar i Stryn kommune: https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger?q=stryn |
Webside | http://stryn.kommune.no/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Andre helseyrker |
Sted | STRYN (Adresse: Tonningsgata 4 Postnr: 6783) |
Stillingstype | Sesong Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 31-01-2025 |