Ferievikarar – Villatoppen Avlastningsbustad – Kvinnherad kommune Barn og familie
Health and social care Miljoarbeidere(23 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 22-12-2024
Deadline: 31-01-2025
Ferievikarar – Villatoppen Avlastningsbustad
Eining Barn og familie er ei av 21 einingar i sektor oppvekst. Eininga er delt opp i seks avdelingar; Barnevern, PPT, Helsestasjon, Avdeling for Familiestøtte, Villatoppen avlastningsbustad og Butiltak Barn og unge. Eininga held til på Husnes tenestesenter.
Omtale av stillingane
Villatoppen Avlastningsbustad treng ferievikarar sommaren 2025 frå 20.06.25 til 17.08.25. Mogleg opplæring vil starte i veke 24 og 25.
Det vil vera trong for miljøterapeutar, helsefagarbeidarar, pleiemedarbeidarar og nattevakt. Stillingane inngår i turnus.
Bustaden har ansvar for iverksetting av ulike avlastingstiltak etter lov om kommunale helse- og omsorgstenester for barn og unge under 18 år. Barna treng tett oppfølging og hjelp.
Arbeidsoppgåvene er varierte, og omfattar praktisk og personleg hjelp, aktivisering og fritidsaktivitetar. Opplæring vil bli gitt i forhold til arbeidsoppgåvene som er aktuelle for stillinga.
Søkjarane må vere over 18 år og ha sertifikat for bil.
Vi tilsett sommarvikarar fortløpande, så ver tidleg ute med søknad.
Kvalifikasjonar
Det blir lagt vekt på relevant utdanning, erfaring og personlege eigenskapar som samarbeidsevne, at ein kan arbeide sjølvstendig og at ein er eigna for arbeid med foreldre, barn og ungdom.
- Du må vere fleksibel og løysingsorientert
- Ha gode evner til kommunikasjon
- Ha gode norskkunnskapar
Vi tilbyr
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
- Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i omsorgstjenesteloven § 5-4.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO