Ferievikarar – helsesekretær/sekretær – Serviceseksjon Nordfjord, Helse Førde

(5 dager siden)

  • NORDFJORDEID
  •  Lagt til dato: 25. mars 2025
  •  Expire date: 10. april 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 25-03-2025
Deadline: 10-04-2025

Ferievikarar – helsesekretær/sekretær

Serviceseksjon Nordfjord søkjer ferievikar som helsesekretær/sekretær.

Serviceseksjon Nordfjord organiserer alle merkantilt tilsette ved Nordfjord sjukehus. Det er 10 årsverk. 

Eininga leverer sekretærteneste til medisinsk poliklinikk, radiologisk avdeling, skadepoliklinikken og avtalespesialistar med innkalling til poliklinikkane, telefoni og skriveteneste. Eininga har og ansvar for id-kort, resepsjon og sentralbord. 

Hovudoppgåva til ferievikar er resepsjonsarbeid, samt forefallande oppgåver som er tilknytta resepsjonen. Arbeidstid kl. 08.00 – 15.30.

Arbeidsperiode: 16.06.2025 – 08.08.2025. Søkjarar som kan jobbe heile perioden vert prioritert. 
Opplys i søknaden kva tidsrom du kan jobbe dersom du ikkje kan jobbe heile perioden.

Arbeidsoppgåver

  • Resepsjon
  • Telefoni
  • Pasientadministrative oppgåver

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå arbeid i pasientsystemet DIPS og Sectra og kjennskap til medisinsk terminologi er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg
  • Må ha grunnleggjande IKT-kompetanse (Windows operativsystem og Office)

Personlege eigenskapar

  • Serviceinnstilt
  • Sjølvstendig og ansvarsbevisst
  • Nøyaktig og løysingsorientert
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Samarbeide godt med andre, dele kunnskap og erfaring
  • Personlege eigenskaper vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar  
  • Relevant opplæring

#Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Hanne Irene Emberland Bildøy, Seksjonsleiar, (+47) 578 31 325

Arbeidssted

Sjukehusvegen 9
6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 4944800280
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 16.06.2025
Sluttdato: 08.08.2025
Søknadsfrist: 10.04.2025

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Serviceseksjon Nordfjord, Helse Førde orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Webside https://www.helse-forde.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsesekretær
Sted NORDFJORDEID (Adresse: Sjukehusvegen 9 Postnr: 6770)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 16-06-2025
Søknadsfrist 10-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/7ffd898e-b6b1-45c7-b717-d0da1e845576
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31