Ferievikarar 2025 – Helse og meistring – Sula kommune

Kontor og økonomi Kontor forvaltning og saksbehandling

(6 dager siden)

  • LANGEVÅG
  •  Lagt til dato: 19. desember 2024
  •  Expire date: 15. mars 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 19-12-2024
Deadline: 15-03-2025

 

Ferievikarar 2025 – Helse og meistring

Bli med oss i sommar og skap minner for livet både for deg sjølv og dei du hjelper!

Vi søker deg som vil lære meir om helse- og omsorgsyrket og som vil være ein del av eit team som gjer ein forskjel for andre.

Våre avdelingar har flinke og engasjerte fagfolk. Vi er innovative, det blir nytta velferdsteknologi og vi har nyleg innført Helseplattformen.
Vi vil gjere vårt beste for at du både skal få utvikle deg og trivast på vakt. Det kan vere hektisk og utfordrande, men også veldig lærerikt.

Vi treng ferievikarar ifrå starten av juni og ut august. Vi søker sjukepleiarstudentar, sjukepleiarar, vernepleiarstudentar, vernepleierar, miljøterapeuter, studenter og skuleelevar.

Dei ulike avdelingane har ulike arbeidstidsløysingar. Det er anledning til langvakter i dei fleste avdelingar, nokre inntil 14 tiamr. 

Skriv gjerne i kva avdeling du ynskjer å jobbe. Vi behandlar søknadar fortløpande.

Arbeidsoppgåver

SULATUNET
Sulatunet har lyse og gode lokaler å arbeide i. Vi ligg ved sjøkanten i Langevåg sentrum, noko som gir gode moglegheiter for uteaktivitetar.
Langtidsavdelinga vår er eit bu- og behandlingstilbod til mennesker som ikkje lenger kan bu heime. Avdelinga har 28 bebuarar, stort sett eldre. Personalet legg vekt på å gi bebuarane trygge rammer heile døgnet. Bebuarane får tildelt hjelp og omsorg etter individuell vurdering.
Korttids/rehabiliteringsavdelinga ved Sulatunet gir tilbod til pasientar som har behov for ei overgangsordning ved utskriving frå sjukehus og har behov for å få kartlagt vidare hjelpebehov. Vi tilbyr opptrening/vedlikehaldstrening, avlastning og palliasjon. Vi har besøkshund tilknytta avdelinga. 

Kjøkkenet ved Sulatunet  leverer mat til Sulatunet, heimebuande, dagsentra og bukollektiva. Vi produserer om lag 170 middagar pr. dag og lager mat og bakverk. Avdelinga har eigen bil og køyrer sjølv ut all mat til kunden.

HEIMETENESTENE
Heimesjukepleien yter teneste til dei som treng hjelp i kvardagen pga sjukdom eller funksjonsnedsetting som framleis bur i heimen sin. Heimesjukepleien yter praktisk hjelp til daglegdagse gjeremål som pasientane ikkje meistrar sjølv. Målet er at alle skal klare seg lengst mogeleg heime i eigen heim, og vere mest mogeleg sjølvhjulpen. Heimesjukepleien yter hjelp til f.eks dagleg stell, dusj, trening i heimen som kvardagsrehabilitering, medisin og oppfølging av ernæring og tilbredning av enkle brødmåltid. Alle som jobbar i heimesjukepleien brukar kommunale bilar i arbeidet med å reise heim til dei ulike pasientane. Heimetenesta er delt i to sektorar; Ytre (Langevåg) Indre (Nausthaugen/Solevåg). 
 
Molværsvegen 11 er eit bufelleskap for menneske med ulike psykiske lidingar. Bufellesskapet inneheld 8 bustader som inneheld eige kjøkken/stove, bad og soverom. Der er fellesareal i bygget og det er fast personal tilknytt bustaden. Det vert gitt praktisk hjelp til bebuearane, samt miljøarbeid.
 
BUKOLLEKTIVA
Molværsvegen 15/17/19 er bukollektiv for menneske med sjukdomen demens. Bustaden er tilrettelagt for denne pasientgruppa.                                                            Sloghaugvegen 28 er eit bu- og behandlingstilbod til mennesker som ikkje lenger kan bu heime. Personalet legg vekt på å gi bebuarane trygge rammer heile døgnet. Erindringsenteret er dagtilbod og tilbyr ein sosial treffstad for personar med demens sjukdom som bur heime.
Seniorsenteret er dagtilbod for heimebuande eldre. Her skapar vi moglegheiter for å delta i eit fellesskap og fylle eit behov for sosialisering og aktivitet. ebuarane får tildelt hjelp og omsorg etter individuell vurdering. 

BU- OG AKTIVITETSTENESTA
Bu- og aktivitetstenesta yter tenester til menneske med ulike typar hjelpebehov. Tenestemottakarane er menneske med funksjonsutfordringar som skuldast medfødde eller erverva tilstandar. Tenesta omfattar praktisk bistand, personleg hjelp, målretta miljøarbeid i heimen, sysselsetting, aktivisering og opplæring.

Bu- og aktivitetstenesta er delt inn i fire avdelingar og omfattar: Nymarkvegen, Jetmundgarden og Geilneset 9 og 11.  

Kvalifikasjonar

Vi ønskjer primært personar med utdanning innan helse- og sosial, studentar, elevar eller erfaring motivasjon/ interesser for slikt arbeid.
Legg ved attest og vitnemål i søknaden
Krav om politiattest i alle avdelingane
Oppgi i søknaden kva for ei avdeling du vil arbeide i. 
Oppgi om du har førarkort

Personlege eigenskapar

Du er påliteleg, positivt innstilt og har gode haldningar i samhandling med andre.
Du har gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig.
Du ønskjer å gi eit godt tilbod til pasientane våre og til å bidra i arbeidsmiljøet.
Datakunnskap og god norskkunnskap både skriftleg og munnleg er ein føresetnad.

Vi tilbyr

Moglegheit til fagleg vekst der du får god opplæring med eige introduksjonskurs for vikarar
Fagmiljø med dyktige og støttande kollega og ein meiningsfull jobb
Gunstige bonusordningar om du arbeider meir enn 6 veker
Tilpassa turnus/turnusordning
Lønn etter tariff
Sjukepleiar- og vernepleiarstudentar får ekstra lønnstillegg 
Moglegheit for vidare fast arbeid på helg som kan utløyse stipendordning og påvirke lønnsansiennitet.
Gratis parkering

Vi ønsker deg velkomen som søkar til ein kjekk sommar i Sula kommune!
Har du spørsmål, ikkje nøl med å ta kontakt. 

Kontaktinformasjon

Caroline Øien Fiksdal, Avdelingsleiar Jetmundgarden, 47621378, caroline.oien.fiksdal@sula.kommune.no
Anitra Kringstad, Avdelingsleiar Sloghaugvegen 28, 90761914, anitra.kringstad@sula.kommune.no
Line Østrem Bjørnevik, Avdelingsleiar Sulatunet, 47518270, line.ostrem.bjornevik@sula.kommune.no
Mariann Kaldhol, Avdelingsleiar Nymarka, Molvær senter, 95710269, mariann.kaldhol@sula.kommune.no
Solgunn Eide Dybvik, Avdelingsleiar Heimetenesta , 95710263, solgunn.eide.dybvik@sula.kommune.no

Arbeidsstad

Postboks 280
6039 Langevåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sula kommune

Referansenr.: 4897313867
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 15.03.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sula kommune orgnr: 974618826
Kort om arbeidsgiver

Kvifor arbeide i Sula kommune?
I tillegg til givande arbeid kan du oppleve det beste Sunnmøre har å by på.
– fjord og fjell: nyt utsikta frå fjelltoppane eller ta eit bad i fjorden.
– kultur og idrett: delta på arrangement og prøve nye aktivitetar.
– friluft: lån kajakk og padle på Vassetvatnet.  
– frivillige lag: over 100 frivillige organisasjonar og lag, som alle ønskjer seg nye medlemmer

Sula har monge moglegheiter for deg!

Sula kommune ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har omlag 9700 innbyggjarar kor omlag halvparten bur i kommunesenteret Langevåg. Med eit areal på 59 km² er Sula ei av dei minste og mest folketette kommunane i fylket. Kommunen er ei vekstkommune med stor aktivitet, eit rikt kulturliv og med gode høve til å dyrke friluftsliv. Sula kommune ønskjer å vere ein attraktiv arbeidsgjevar som kan rekruttere, utvikle og halde på dyktige medarbeidarar. Kommunedirektøren si leiargruppe består i dag av kommunedirektør og fire kommunalsjefar. Desse er nøkkelpersonar for at våre omlag 700 dyktige og engasjerte medarbeidarar skal kunne utføre viktige oppgåver for innbyggjarane og samfunnet.

Webside http://www.sula.kommune.no
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Kontor, forvaltning og saksbehandling
Sted LANGEVÅG (Adresse: Postboks 280 Postnr: 6039)
Stillingstype Feriejobb Heltid Antall stillinger: 20
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 15-03-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/38308980-b0e9-4f69-8f41-49f3ec5df5f5
IMPORTAPI