Ferievikar – legar sommar 2025 – Avdeling psykisk helsevern,Valen sjukehus
Health and social care Leder innenfor helsetjenester(23 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 20-11-2024
Deadline: 05-01-2025
Ferievikar – legar sommar 2025
Valen sjukehus søkjer legevikarar/medisinerstudentar med lisens sommaren 2025, veke 25 – 33
Arbeidsoppgåver
Under rettleiing og supervisjon frå LIS eller overlege.
- Bidra med medisinskfagleg kompetanse i eininga/avdelinga
- Mottak av pasientar: Innkomstnotat og rutine etter skjema samt somatisk presens, journalresymè, vurdere og tolke labsvar
- Håndtere somatisk problemstillingar i døgnavdeing i samråd med LIS/overlege. Kontakt med somatisk sjukehus og DPS, henvisningar
- Legemiddelsamstemming.
- Psykometriske tester som MADRS, Ymrs, MINI mental etter opplæring
- Journalnotater og epikriser
- Delta i forvakt
Kvalifikasjonar
- Dersom du har lisens når du søkjer, skal du skrive HPR-nummeret ditt i søknaden
- Det er eit krav at du kan leggje fram norsk lisens som lege/medisinarstudent innan oppstart
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Personlege eigenskapar
- Pasientorientert
- Ansvarsbevisst
- Nøyaktig
- Gode kommunikasjonsevner og gode norskkunnskapar
Vi tilbyr
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Introduksjon og opplæring
- Sjukehuset har møblerte hyblar for tilreisande
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Marianne Lund Anderssen, Avdelingsleiar, +47 53466407
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 15
5451 VALEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4885080175
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 16.06.2025
Sluttdato: 17.08.2025
Søknadsfrist: 05.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Avdeling psykisk helsevern,Valen sjukehus orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
|
Webside | |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Leder innenfor helsetjenester |
Sted | VALEN (Adresse: Sjukehusvegen 15 Postnr: 5451) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 3 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 16-06-2025 |
Søknadsfrist | 05-01-2025 |