Stillingsbeskrivelse

Published 26-12-2024
Deadline: 31-01-2025

 

Ferievikar i heimetenesten, Bakk-Ola- marka bufellesskap og praktisk bistand 

Vi tilbyr spennande sommarjobb! 

I tidsrommet 23. juni til medio august har vi ledig, inntil 100 % stilling som ferievikar i tenesteområde Heimetenesten. Vi treng både sjukepleiarar, vernepleiarar, fagarbeidarar, studentar, ufaglærte og pensjonistar. Tilsetting vert gjort forløpande. Vi ber deg om å skrive i søknaden tidsrom du kan arbeide og om du har særskilt  ønsker om arbeidsstad. Søkjarar som kan arbeide heile perioden vert prioriterte. 

Tenesteområdet heimetenesten i Ørsta sentrum omfattar: 

  • Heimetenesten i sentrum(aust/vest)
  • Praktisk bistand
  • Bufellesskapet på BakkOla-marka 
  • Tenesta for psykisk helse og rus

 

Tenesteområdet  Heimetenesten yter tenester til menneske som har behov for hjelp og støtte på grunn av sjukdom, alderdom og funksjonsnedsetting. Dette inkluderer blant anna hjelp til egenmestring, rehabilitering, hjelp til daglege aktivitetar, pleie og omsorg, medisinsk behandling, samt psykososial støtte. Måler er å sikre at dei som bur i eigen heim, får ein trygg og verdig kvardag som møter deira individuelle behov.

Du får jobbe tverrfagleg med andre yrkesgrupper og instansar. Vi søkjer deg som har erfaring frå eller har interesse for arbeid med menneske med ulike  behov og som likar å jobbe med varierte oppgåver i team og sjølvstendig. Det vil bli gitt naudsynt opplæring. 

Vi har døgndrift gjennom heile veka, arbeid på helg skal samsvare med behovet på avdelinga. Vi jobbar med årsplanlegging og oppgåvedeling for å sikre fagkompetanse gjennom heile døgnet og året. Du vil kunne få moglegheit til å gå langvakter på helg og i vekene. Dette vil gi deg fleksibel turnusordning og ein trygg arbeidskvardag med kjende kollegar på vakt. 

Tenesteområdet gir rom for fagleg utvikling og utfordringar i arbeidskvardagen. Tenesta har eit stort fokus på fag og den enkelte brukar sine behov og medverknad. Vi søkjer etter deg som kan vere med å bidra inn i eit godt fag- og arbeidsmiljø, har godt humør og ståpåvilje. 

Arbeidsoppgåver

  • Følgje og oppretthalde rutiner knytt til avdelinga og den enkelte tenestemottakar sine tenester og behov
  • Journalføring

Kvalifikasjonar

  • Du må beherske norsk skriftleg og munnleg
  • Du må du ha førarkort klasse B. 
  • Det vert stilt krav om politiattest for alle som jobbar i den kommunale helse- og omsorgstenesta. Jf. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
  • Du kan jobbe sjølvstendig
  • Du ynskjer å bida til å gi eit godt tilbod til brukarane våre
  • Du bidrege positivt inn mot personalgruppa og arbeidsmiljøet

Vi tilbyr

Som ferievikar hos oss får du ein variert arbeidsdag i lag med mange kjekke medarbeidarar!  Du møter mange nye menneske og får med deg ei god arbeidserfaring vidare i arbeidslivet. Om du ikkje bur i Ørsta, kjem du i tillegg til ei nynorskbygd i hjartet av Sunnmørsalpane med eit mangfald av flotte turmål
Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP for dei tilsette.

Tilsetjing skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. 

Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming.  Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn.  Vi ber om at attestar og vitnemål lastast opp som vedlegg til søknaden din.

Kontaktinformasjon

Agnes Kubon-Rzeszutek, Avd.leiar heimetenester Bakk-Ola-marka, 902 19 443, agnes.kubon-rzeszutek@orsta.kommune.no
Nina Ulstein, Avd.leiar heimetenester vest, 953 60 759, nina.ulstein@orsta.kommune.no
Laila Bjørkedal, Avd.leiar heimetenester aust, 952 07 829, laila.bjorkedal@orsta.kommune.no
Joanne Picton Aarseth, Avd.leiar Teneste for psykisk helse og rus, 99495111, joanne.aarseth@orsta.kommune.no
Sigrun Halkjelsvik, Tenesteleiar Heimetenester, 48010415, sigrun.halkjelsvik@orsta.kommune.no

Arbeidsstad

Rådhuset
6153 Ørsta

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ørsta kommune

Referansenr.: 4895329925
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Startdato: 23.06.2025
Sluttdato: 10.08.2025
Søknadsfrist: 31.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Heimetenester- Ørsta kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver


Ørsta
kommune er med  om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og
næringsliv. Den gode geografiske plasseringa
vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna
næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta
og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire
daglege direkteruter til Oslo og Bergen.


Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:

Tillit – gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi – gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje – gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver

Utvikling – gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap

Webside https://www.orsta.kommune.no/arbeid/
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted ØRSTA (Adresse: Rådhuset Postnr: 6153)
Stillingstype Sesong Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse 23-06-2025
Søknadsfrist 31-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/3a20659c-5e0f-4705-8e9a-c0c6b3af963d
IMPORTAPI