Ferievikar i Gloppen heimeteneste 2025 – Helse- og velferd, Gloppen kommune
Health and social care Lege(2 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 15-12-2024
Deadline: 15-01-2025
Ferievikar i Gloppen heimeteneste 2025
Hei, ynskjer du å arbeide i Gloppen kommune i sommar? Heimetenesta har behov for ferievikarar i fleire av våre einingar. Er du omgjengeleg og er god på å skape relasjonar til andre mennesker? Då treng vi deg som ferievikar i Gloppen kommune.
Heimetenesta er fordelt på tre områder; Sandane, Breim og Hyen. Vi yter heimebasert tenester til pasientar i alle aldersgrupper. Hos oss er du i eit team med både sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar og pleiemedarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg for å kunne tilby pasientar gode tenester som er basert på kvalitet. Vi ynskjer å bidra til at pasientane skal oppleve meistring i kvardagen, og tilbyr både kvardagsrehabilitering samt velferdsteknologi. Som tilsett hos oss vil du få ein variert og meiningsfylt arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer. Du vil få opplæring/kurs og høve til utvikling innan fleire spennande fagfelt.
Søknader vert handsama fortløpande.
Arbeidsoppgåver
Vi avviklar hovudferien i veke 26 – 33, nokre einingar også veke 25 og 34. I dette tidsrommet har vi behov for vikarar for sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar/fagarbeidarar/omsorgsarbeidarar, heimehjelper og assistentar. Vikarar må kunne jobbe samanhengane i ein stor del av ferieperioden, og dei som kan jobbe seks veker blir prioritert.
- Stell og pleie i heimen til pasienten
- Samarbeid med pårørande
- Tverrfagleg samarbeid
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer hovudsakleg etter arbeidstakarar over 18 år eller som fyller 18 år i 2025.
- Du må kunne ta ansvar, kunne jobbe sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner. Du må beherske norsk, både skriftleg og munnleg.
- For tilsetting i heimetenesta krevst førarkort for bil.
Vi tilbyr
- Informasjonsmøte for alle ferievikarar før oppstart, og ei opplæringspakke som sikrer at du har dei kursa du treng for å gjennomføre arbeidsoppgåvane dine. Du vil også få opplæring og oppfølging på arbeidsstaden du er tilsett.
- Moglegheit for å vere tilkallingsvikar vidare
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. Høgskulestudentar under relevant utdanning får ekstra lønnstillegg
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
#Sommarjobb #SommarjobbNordfjord
Kontaktinformasjon
Cecilie M. Helgheim, Tenesteleiar heimetenesta, 472 60 601
Oddrun Ommedal, Avdelingsleiar Hyen heimeteneste, 957 78 772
Arbeidsstad
Grandavegen 9
6823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommune
Referansenr.: 4895349900
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 15.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Helse- og velferd, Gloppen kommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord – Sandane lufthamn – ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet. |
Webside | http://www.gloppen.kommune.no/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Lege |
Sted | SANDANE (Adresse: Grandavegen 9 Postnr: 6823) |
Stillingstype | Annet Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | |
Krav | Norskkunnskaper |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 15-01-2025 |