Ferievikar i Bu- og omsorgstenesta 2025 – Helse- og velferd, Gloppen kommune

Health and social care Miljoarbeidere

(23 timer siden)

  • SANDANE
  •  Lagt til dato: 17. desember 2024
  •  Expire date: 15. januar 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 17-12-2024
Deadline: 15-01-2025

 

Ferievikar i Bu- og omsorgstenesta 2025

Hei, ynskjer du å arbeide i Gloppen kommune i sommar? Er du omgjengeleg og god på å skape relasjonar til andre mennesker? Då treng vi deg som ferievikar i Gloppen kommune.

Bu- og omsorgstenesta yter tenester til omlag 78 brukarar. Tenesta består av Oreteigen og Gotatoppen som er omsorgsbustader, ei avdeling for korttid/rehabiliteringsplassar, ei skjerma avdeling, kommunale akuttplasser og institusjonskjøken. Vi har 80 årsverk fordelt på omlag 140 tilsette. Vi har eit godt fagmiljø med engasjerte og dyktige sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar, kokkar og assistentar, og samarbeider tett  med lege, fysio, ergo og logoped blant anna.

Som tilsett hos oss vil du få meiningsfulle og spennande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kvalifiserte kollegaer. Du vil få opplæring og høve til å bidra aktivt inn i det miljøterapeutiske arbeidet.

Søknadane vil bli handsama fortløpande.

Arbeidsoppgåver

Vi avviklar hovudferien i veke 26 – 33, nokre einingar også veke 25 og 34. I dette tidsrommet har vi behov for vikarar for sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar/fagarbeidarar/omsorgsarbeidarar, kokk og assistentar. Vikarar må kunne jobbe samanhengane i ein stor del av ferieperioden, og søkjarar som kan jobbe seks veker vil bli prioritert.

Arbeidsoppgåver:

  • Pleie, omsorg og oppfølging av pasientar
  • Arbeid på institusjonskjøken
  • Tverrfagleg samarbeid 
  • Planlegging av aktiviteter
  • Samarbeid med pårørande

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer hovudsakleg etter arbeidstakarar over 18 år eller som fyller 18 år i 2025.
  • Du må kunne ta ansvar, kunne jobbe sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner. Du må beherske norsk, både skriftleg og munnleg.

Vi tilbyr

  • informasjonsmøte for alle ferievikarar før oppstart
  • opplæringspakke som sikrer at du har dei kursa du treng for å gjennomføre arbeidsoppgåvane dine
  • opplæring på arbeidsstaden du er tilsett og tett oppfølging
  • moglegheit for å vere tilkallingsvikar vidare
  • tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
  • høgskulestudentar under relevant utdanning får ekstra lønnstillegg

    Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.

 

Kontaktinformasjon

Andrea Kandal, Avdelingsleiar Gotatoppen, +47 911 21 656
Ida Kristin Knutsen Gule, Avdelingsleiar 1. etg, +47 908 48 835
Eva Kristin Rønnekleiv, Avdelingsleiar Oreteigen, +47 917 32 527
Wenche Pedersen Thomas, Avdelingsleiar skjerma, +47 948 92 130
Eva Skrivervik-Alme, Tenesteleiar Bu- og omsorgstenesta, +47 488 94 818

Arbeidsstad

Grandavegen 9
6823 Sandane

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune

Referansenr.: 4895317100
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 15.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Helse- og velferd, Gloppen kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord – Sandane lufthamn – ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.

Webside http://www.gloppen.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Miljøarbeidere
Sted SANDANE (Adresse: Grandavegen 9 Postnr: 6823)
Stillingstype Feriejobb Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 15-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/26d282df-2598-49b6-8573-15b028b32e20
IMPORTAPI