Ferievikar bioingeniør / bioingeniørstudent – LMBB, seksjon LSH, Helse Førde

Health and social care Bioingenior

(1 måned siden)

  • FØRDE
  •  Lagt til dato: 27. november 2024
  •  Expire date: 12. januar 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 27-11-2024
Deadline: 12-01-2025

 

Ferievikar bioingeniør / bioingeniørstudent

Laboratorium for medisinsk biokjemi og blodbank, Lærdal sjukehus treng ferievikarar i tidsrommet 10.06.2025 – 17.08.2025. 

Høver for 1. – 3. års studentar, masterstudentar, eventuelt andre helsefagutdanningar. Er du ferdig utdanna bioingeniør kan det vere moglegheit for forlenga jobbtilbod.

Lærdal sjukehus er lokalsjukehus for Indre Sogn. Lærdal ligg inst ved Sognefjorden med god kommunikasjon både til Oslo (4,5 time) og Bergen (3 timar). Her er typisk vestlandsnatur med flott turterreng både i låglandet og til fjelles. Ved fjorden er det flotte forhold for båtliv, kano/kajakk, bading, og sauna.                                                     

Lærdal og kommunane rundt har i løpet av sommaren fleire festivalar som Jordeplerock, Målrock, «Kom heim»-festival, «Fresen» med meir. Her er også treningsstudio, kafear og kino.

Spesifiser i søknaden kva periode det er aktuelt for deg å arbeide. Ferievikarar er dagtidsarbeidarar, og har fri alle helgar.

Arbeidsoppgåver

  • Blodprøvetaking
  • Analysearbeid
  • Telefon og prøvemottak 

Kvalifikasjonar

  • 1- 3. års bioingeniørstudent, evt andre helsefagutdanningar
  • Gode kunnskapar i norsk både skriftleg og munnleg

Legg ved karakterutskrift frå avslutta fag
Oppgi referanse t.d. frå utdanning eller tidlegare arbeidsgjevar 

Personlege eigenskapar

  • Du må like utfordringar og ha eit ønskje om å utvikle kompetanse og ferdigheiter som bioingeniør
  • Vere serviceinnstilt

Vi tilbyr

  • Lærerike arbeidsoppgåver og relevant opplæring
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Bustad

 
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Kari Grøttebø, Seksjonsleiar, 57640020 – 97659155

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 4891004466
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 10.06.2025
Sluttdato: 17.08.2025
Søknadsfrist: 12.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver LMBB, seksjon LSH, Helse Førde orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Webside https://www.helse-forde.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Bioingeniør
Sted FØRDE (Adresse: Svanehaugvegen 2 Postnr: 6812)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 10-06-2025
Søknadsfrist 12-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/6724f7b3-0080-4d9a-84a7-dc1b4e24b88b
IMPORTAPI