Ferievikar 2025 – Vikar for LIS 1/ medisinstudent med lisens – Ferievikarer Ålesund sjukehus, Helse Møre og Romsdal HF
Health and social care Lege(2 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 21-11-2024
Deadline: 31-01-2025
Ferievikar 2025 – Vikar for LIS 1/ medisinstudent med lisens
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.
Klinikk Ålesund sjukehus har behov for vikar for LIS1/ medisinstudent med lisens i perioden f.o.m. veke 22 t.o.m. veke 35. Det vil vere behov ved desse seksjonane:
Klinikk Ålesund sjukehus:
- Seksjon for kirurgiske legar
- Seksjon for medisinske legar
- Seksjon for ortopediske legar
Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering:
- Seksjon onkologiske legar
- Seksjon for fysikalsk medisin og rehabilitering
Informasjon til søkjaren:
Tilsetjing vil skje fortløpande. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vennleg oppgi i søknaden kva avdeling du helst vil jobbe ved. Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege, cand.med eller medisinstudent med lisens
- Må mestre norsk språk, skriftleg og muntleg
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
- Du er serviceinnstilt og samarbeider godt med pasienter, pårørende og kollegaer
- Du ønskjer å bidra til å gi et godt tilbod til pasientane våre
- Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Trivleg arbiedsmiljø
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
For meir informasjon om vår region, sjå her og her.
Kontaktinformasjon
Wenke Sødahl, Sekretær/Medisinske legar, Wenke.Sodahl@helse-mr.no
Valborg A. Bakke, Seksjonsleiar / Kirurgiske legar, Valborg.Anita.Bakke@helse-mr.no
Gro Westnes Lindin, Ass. Seksjonsleiar, Fysikalsk medisin og rehabilitering, gro.westnes.lindin@helse-mr.no
Nils Eivind Skottner, Seksjonsleiar/Onkologiske legar, Nils.Eivind.Skottner@helse-mr.no
Jørn Aaen, Seksjonsleiar/Ortopediske legar, Jorn.Aaen@helse-mr.no
Arbeidssted
Ålesund sjukehus
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 4885987216
Stillingsprosent: 100%
Ferievikar
Søknadsfrist: 31.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Ferievikarer Ålesund sjukehus, Helse Møre og Romsdal HF orgnr: 974747138 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
|
Webside | http://www.helse-mr.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Lege |
Sted | ÅLESUND (Adresse: Ålesund sjukehus Postnr: 6017) |
Stillingstype | Feriejobb Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 31-01-2025 |