Fengselsførstebetjent Bjørgvin fengsel, Ungdomseining Vest – Bjørgvin fengsel
Security and readiness Politi fengsel og toll(2 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 06-01-2025
Deadline: 30-01-2025
Fengselsførstebetjent Bjørgvin fengsel, Ungdomseining Vest
Om stillinga
Bjørgvin fengsel Ungdomseininga, søkjer 1 fengselsførstebetjent til fast stilling. Oppstart etter avtale.
Stillinga er for tida plassert på Ungdomseininga Vest og er i todelt turnus med helg.
Stillingane vil innebere tett samarbeid med operativ leiing på Bjørgvin fengsel, open avdeling.
Ein fengselsførstebetjent med ansvar for operativ arbeidsleiing skal ha evne til å utføre dagleg arbeidsleiing, planlegging og organisering av arbeidet innanfor eit definert arbeidsområde.
Kriminalomsorga region vest har etablert eit sonings- og varetektstilbod, som ein omsorgsbase, til born under 18 år i Bjørgvin fengsel. Tilbodet byggjer på eit tverretatleg samarbeid og tar sikte på eit intensivt endringsarbeid.
Eininga samarbeider med ulike etatar som barnevern, psykisk helsevern, utdanning/opplæring og kommunal tenesteyting. I kraft av å vere ei nasjonal ungdomseining, kjem det ungdomar i alderen 15-18 år frå heile landet.
Arbeidsoppgåver
- dagleg arbeidsleiing av fengselsbetjenter og miljøterapeuter i turnus
- sakshandsaming
- planlegge og organisere arbeidet innan arbeidsområdet
- oppfølging av team og tverrfaglege møter
- personalansvar og sjukefråværsoppfølging
- HMS, (Avviksbehandling i KIKS, personaloppfølging, fokus på arbeidsmiljø tiltak, planlegge/gjennomføre øvelser)
- rapportering til inspektør
- sikre forsvarleg drift i henhold til overordna føringar, lov- og regelverk
- følgja opp tryggingsmessige og miljøterapeutisk tilnærming på avdeling
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i arbeids- og ansvarsområde.
Utdanning og erfaring
Du må ha
- bestått fengselsbetjentutdanning frå Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter KRUS
- interesse for endringsarbeid med born og unge
- god muntleg og skriftleg fremstillingsevne
- gode kommunikasjonseigenskaper
- god kunnskap og erfaring i bruk av IKT – systemer eller verktøy
- førarkort klasse B
Det er ein fordel om du har
- relevant erfaring innan fagfeltet med barn og unge i fengsel eller institusjon
- erfaring innan operativ leiing med vekt på operativ teneste og sikkerhetsarbeid
- erfaring frå tverretatleg samarbeid
- relevant vidareutdanning utover fengselsbetjentutdanning, eller leiar erfaring
- erfaring frå risikovurderingar og risikobasert tilnærming.
Personlege eigenskapar
- gode leiaregenskaper med evne til å motivere og inspirere dei tilsette
- gode samarbeidsevner
- evne til å arbeide analytisk og strukturert
- god rolle- og systemforståing og evne til å tenke heilheitleg
- resultatorientert
- god stressmeistringsevne
- personleg eignaheit vil verta særleg vektlagt
- høgt fokus på fag, omsorg og sikkerhetsarbeid
- interesse for å «skreddersy» straffegjennomføringa for den einskilde ungdom ved eininga
Vi tilbyr
- meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordninger i Statens pensjonskasse
- parkering med ladepunkt
- treningsrom for ansatte
- regelmessig rettleiing, og påfyll av kompetanse
- eit spennande fagfelt med tverretatleg samarbeid
- stillinga vert lønt som 0265 fengselsførstebetjent, med årslønn på mellom kr. 565 900 – 657 300 pr år avhengig av kompetanse og erfraring. Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Kvinner blir oppmoda til å søkja, og vil gi større mangfald i leiargruppa.
Vi jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad om at 5 % av nytilsetjingar i staten skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til til inspektør Arne M. Hægland tlf. 55 25 12 84.
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Bjørgvin fengsel orgnr: 890286712 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon. Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.
|
Webside | |
Bransje | Sikkerhet og beredskap |
Yrke | Politi, fengsel og toll |
Sted | BREISTEIN (Adresse: Olav Bjordalsvei 63 Postnr: 5111) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 30-01-2025 |