Fengselsbetjent – Bergen fengsel

Security and readiness Politi fengsel og toll

(20 timer siden)

  • HYLKJE
  •  Lagt til dato: 22. desember 2024
  •  Expire date: 19. januar 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 22-12-2024
Deadline: 19-01-2025

 

Fengselsbetjent

Straff som endrar

Vi ser etter deg som vil stå i front for å gjere kvardagen enklare og som vil bidra til å skape og gjennomføre ein straff som endrar. I Bergen fengsel får du mogelegheita til å vere med å påverke framtida.  

Bergen fengsel ligg i Åsane bydel, ca. 15 minutter med bil fra Bergen sentrum.

. Video: https://youtu.be/yPsJr8Exqts

Kva går jobben ut på?

  • avdelingsteneste med daglege oppgåver knytt til innsette
  • kontaktbetjentarbeid, soningsplanlegging, miljøarbeid
  • vere ein aktiv medspelar i den faglege og sikkerheitsmessige utviklinga ved avdelingane
  • tverrfagleg samarbeid
  • ivareta innsette og tilsette si sikkerheit
  • den som vert tilsett, må rekne med endringar i ansvars – og arbeidsområde

Utdanning og erfaring

  • bestått fengselsbetjentutdanning frå Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS
  • god kunnskap og erfaring i bruk av IKT – system eller verktøy
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • førarkort klasse B

Det er ønskjeleg at du har

  • tilleggsutdanning innan sosialt arbeid, psykisk helsearbeid, bachelorpåbygg/enkeltemner fra KRUS eller andre relevante fagfelt
  • erfaring fra institusjonsarbeid innen psykiatri, rusomsorg, barnevern eller lignende

Kva ser vi etter hjå deg?

Du er oppteken av å forstå og møte innsettes behov og trivast med å byggje gode relasjonar og sjå potensiale i kvar enkelt individ. Du evnar å motivere og følgje opp menneskjer samstundes som du har fokus på sikkerheitsarbeid, har pågangsmot og ei positiv innstilling sjølv om du kan ha det travelt. Du likar å jobbe målretta og levere resultat av god kvalitet etter gjeldane lovverk og retningslinjer.  Det er viktig at du har ein kommuniksjonsstil som er tilpassa bodskapen til kriminalomsorgen. 

Før du søkjar

Vi er opptekene av at du skal trivast hjå oss og kjenne at du har tatt eit riktig val dersom du vel oss. 

Dersom du er aktuell for stillinga tilbyr vi deg ein omvendt referansesjekk, dette betyr at du kan få mogelegheita til å stille spørsmål til nokon av våre medarbeidara. Dette kan vere ein måte å bli kjend med Bergen fengsel. 

I tillegg til treningsmogelegheitar, eige treningsrom, bedriftsidrettslag, gratis parkering og kantine, tilbyr vi meiningsfulle arbeidsoppgåver der du kan vere med å gjere ein forskjell. 

Vi har gode pensjons, forsikrings- og låneordninger i Statens pensjonskasse. 

Stilling som fengselsbetjent vert lønna frå kr 443 600 – 557 100,- avhengig av ansiennitet og kompetanse. For spesielt kvalifisert søker kan høgare løn vurderast.

Arbeidstid er turnus

Generell informasjon

Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.  

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her. 
 

Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.

Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til administrasjonsjef Eirill Indrebø T: 55393752 M: 95112964

For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bergen fengsel orgnr: 974727730
Kort om arbeidsgiver

Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.

Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.

Kriminalomsorgen region vest omfattar fem fengsel, tre friomsorgskontor, ein overgangsbustad og Senter for narkotikaprogram med domstolskontroll. Region vest har ca. 500 tilsette i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Regionadministrasjonen ligg i Bergen.

Bergen fengsel er eit av dei største fengsla i landet. kvinner og menn kan sone i Bergen fengsel. Bergen fengsel har fokus på individuell tilnærming og tverrfagleg samspel.

 

Webside
Bransje Sikkerhet og beredskap
Yrke Politi, fengsel og toll
Sted HYLKJE (Adresse: Steinestøvegen 401 Postnr: 5109)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 15
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 19-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/71696703-457d-4517-8003-3da165315b30
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/272557