Fastlegevikar Vatne legekontor – Tenesteområde Ergoterapi, fysioterapi og lege, Haram kommune
Health and social care Lege(1 uke siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 20-03-2025
Deadline: 20-04-2025
Fastlegevikar Vatne legekontor
Haram kommune – vil du vere med å byggje ein ny kommune?
Ledig stilling som fastlegevikar i fødselsvikariat ved Vatne legekontor frå 02.06.2025 t.o.m 31.12.2025. Den ledige lista har om lag 650 pasientar. Vatne legekontor tilbyr eit solid fagleg og sosialt miljø med fast tilsette legar i alle heimlar. Legekontoret ligg på Eidet, og har kort pendlaravstand frå Ålesund. Haram er ein kommune med gode oppvekstvilkår, høg barnehagedekning og eit rikt kultur- og friluftsliv. Vatne legekontor vert kommunalt drive og har erfarne tilsette som bidreg til eit godt arbeidsmiljø. Som ny fastlege kan du velje mellom ein gunstig 8.2-avtale med Haram kommune, der fastlegen er sjølvstendig næringsdrivande og betalar ei månadleg leige, eller fastløn med 30% av produksjonsinntektene. Haram kommune har tre legekontor: Brattvåg legekontor med seks fastlegestillingar og ein LIS1, Vatne legekontor med fire fastlegestillingar og ein LIS1, og Haramsøy legekontor med to fastlegestillingar og ein LIS1. Alle legane møtast kvar månad til allmennlegeutval og fagleg møte som gir smågruppe-poeng til vidareutdanning og etterutdanning.
Haram kommune er ein ambisiøs kommune med gode, heilskaplege tenester. Vi skal ha særleg fokus på å spele kvarandre gode, og arbeide på tvers for å skape gode tenester for innbyggjarar og næringsliv. Eit viktig mål for kommunen er å tilby god kvalitet og behandling til den enkelte innbyggjar som søkjer om tenester.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Gjennomført LIS1 i Norge
- Spesialist i allmennmedisin, under spesialisering eller villig til å starte spesialiseringsløp
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- God kunnskap om norsk lovverk
- Gode språkkunnskapar i norsk munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Personleg eignaheit for stillinga vil bli tillagt stor vekt
- Interesse for å vere med å bidra inn i utvikling og drift av legekontoret
- Interesse for kvalitets- og utviklingsarbeid med fokus på pasientsikkerheit
- Evne til å jobbe i team
- Evne til fleksibilitet
- Godt humør og positiv framtoning
- God arbeidskapasitet
Vi tilbyr
- Varierte og overkommelege arbeidsdagar med gode økonomiske vilkår
- Du kan velge mellom konkurransedyktig fastløn med tillegg av 30% bonus av takstproduksjon eller sjølvstendig næringsdrift med fordelaktig 8.2 avtale.
- Interkommunal legevakt i Ålesund kveld, helg og natt, to til fire vakter i månaden. Døgnbemanning med erfarne sjukepleiarar. Mange av nattevaktene på kvardagar er bemanna av fast tilsette legar.
- Interkommunal ØHD-avdeling som ligg i Ålesund er godkjend som institusjonsteneste for 6 månader i ny ordning for spesialisering i allmennmedisin.
- Etter avtale mellom legen og Haram kommune kan legen vere forplikta til offentleg arbeid i inntil 20% stilling, med minimum 6 månaders varsel.
- ALIS-avtale.
Kontaktinformasjon
Elly Christine Volsdal Slettvoll, Tenesteleiar, 90158565, elly.christine.volsdal.slettvoll@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Fv106 1280
6264 Tennfjord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 4939355235
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 02.06.2025
Sluttdato: 31.12.2025
Søknadsfrist: 20.04.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Tenesteområde Ergoterapi, fysioterapi og lege, Haram kommune orgnr: 919870613 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Etter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 er Haram frå 1. januar 2024 eigen kommune, med dei grensene som var før samanslåinga med Ålesund Kommunen har omlag 9300 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes. |
Webside | http://www.haram.kommune.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Lege |
Sted | TENNFJORD (Adresse: Fv106 1280 Postnr: 6264) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 02-06-2025 |
Søknadsfrist | 20-04-2025 |