Fastlegevikar – Samnanger kommune

Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare

(11 måneder siden)

  • TYSSE
  •  Lagt til dato: 16. november 2023
  •  Expire date: 25. oktober 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 16-11-2023
Deadline: Unknown

 

Fastlegevikar

Om stillinga

Samnanger kommune søkjer etter fastlegevikar ved Samnanger helsetun. Me treng vikar snarleg og fram til hausten 2024.

Samnanger kommune er ein triveleg kommune med ca. 2 500 innbyggarar.
Samnanger helsetun ligg ca. 40 minuttar køfri køyring frå Bergen. Fastlegeheimelen har pr. i dag ein listelengde på ca. 750 pasientar. Fastlegestillinga utgjer 80 %. Til heimelen høyrer også ein 20 % stilling som sjukeheimslege ved Samnangerheimen. Sjukeheimen ligg 100 meter frå legesenteret. Heimelen vert pr. i dag drifta av vikar.

Stillinga kan snekrast saman etter søkars behov. Listelengda kan tilpassast og sjukeheimsstillinga kan ev. også aukast litt opp. Eventuelt kan ein større liste og sjukeheimsstillinga delast i to stillingar.

Legepraksisen ved Samnanger legekontor er veldrevet og innarbeida i eit triveleg helsesenter. Helsesenteret er samlokalisert med fysioterapeut, ergoterapeut, kommunepsykolog, helsestasjon og jordmor.  
På legekontoret vil du jobbe med tre erfarne fastlegar og tre erfarne helsepersonell, der ein er sjukepleiar og to er helsesekretærar. Helsesenteret har eit velutstyrt laboratorium med EKG, spirometri, 24 timers BT-apparat og doppler. Ein nyttar journalsystemet Infodoc Plenario.

Legevakt: 
Samnanger kommune har interkommunalt vaktsamarbeid med Bjørnafjorden kommune på kveld/natt og i helg. Legevaktstasjonen er lokalisert i moderne lokaler i Moberg, Os, og vaktane vert fordelt mellom legane i Samnanger og Os.  
Det er pr. i dag låg vaktbelastning, med høve til fleire vakter om ein ønsker. 
  
Legevakt på dagtid, kvardager 08.00-16.00, vert delt mellom dei fire legane ved Samnanger legekontor. Dagvakt vert lønna med timesats i tillegg til næringsinntekt eller fast lønn. Samnanger kommune har ein 24-7-bemanna First Responder-bil som bistår legen ved utrykning på dagtid.

For meir informasjon eller ein uformell prat om stillingen, ta kontakt med: 
 
Kommuneoverlege Samnanger kommune 
Edle Margrethe Nøss 
Mail: edle.margrethe.noss@samnanger.kommune.no 
Telefon: 56589100 / 90209108 

Einingsleiar Helse
Åse Waage Tveit
Mail: ase.waage.tveit@samnanger.kommune.no

Arbeidsoppgåver

 

  • Allmennlegeoppgåver i hht fastlegeforskriften 
  • Heimelen har ein listelengde på ca. 750 pasientar (listetak 800)
  • Dagvakt på legekontoret ordinære kvardagar 08.00-16-00 fordelast mellom fire legar
  • Interkommunal legevakt utanom kontorets ordinære åpningstid, lokalisert i Moberg
  • I utgangspunktet fire kurative dager som fastlege  
  • Til heimelen følgjer 20 % stilling som sjukeheimslege ved Samnangerheimen

Kvalifikasjonar

Krav

  • Lege med norsk autorisasjon 
  • Rett til trygderefusjon i Norge 
  • Akuttmedisinsk kompetanse for legevakt 
  • Gode norsk kunnskapar, både munnleg og skriftleg 
  • Førarkort klasse B
  • Godkjend politiattest, jfr helsepersonellova 
  • Gode evner til samarbeid med kolleger og pasienter
  • Generelle datakunnskaper 

Ønskjer

  • Spesialistgodkjenning i allmennmedisin er ønskeleg
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt 

Personlege eigenskapar

  • Omgjengeleg
  • God på samarbeid
  • Empatisk og rettferdig
  • Samvitsfull
  • Tilpasningsdyktig

Me tilbyr

 

  • Totalt inntil 100 % stilling med god fast lønn
  • Timelønn for dagvakt i tillegg til fastlønn
  • Dekning av utgiftar utover refusjonar frå utdanningsfond II til inntil 2 kliniske emnekurs pr år
  • Moglegheit for heimekontor
  • Til heimelen høyrer ein 20 % stilling som sjukeheimslege ved Samnangerheimen. (Sjukeheimen ligg 100 m frå legekontoret)
  • Dyktige kolleger og triveleg arbeidsmiljø på legekontoret
  • Dyktige og hyggelege samarbeidspartnare også ellers i helsesektoren og kommunen
  • Tilsette blir meldt inn i KLP. Med offentleg tenestepensjon får du ei av Noregs beste pensjonsordninger. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Kommunen er registrert utdanningsverksemd og kan inngå ALIS-avtale med søkjar om ønskeleg
  • Næringsdrift kan diskuterast om ønskeleg

Tre fastlegar har pr. i dag 8.2-avtale der kommunen står for den totale drifta av legekontoret. Ved næringsdrift har legane ingen utgifter til drifta av kontoret.
Legane beheld næringsinntekten uavkorta. Kommunen beheld basistilskotet.
Legane får mellom anna praksiskompensasjon for kommunal bistilling (jfr Særavtalen SFS2305) og god timelønn for dagvakt.

  • Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
  • Lønn, offentleg pensjon og arbeidsmilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gunstige pensjonsordningar, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Fleksible arbeidstidsordningar
  • Gode velferdsordningar

Arbeidstilhøve

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera NOKUT godkjent. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden. 

Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.

Om oss

Helseeininga består av følgande underavdelingar: kommunal fysioterapeut og ergoterapeut, kommunepsykolog, jordmor, helsesjukepleiarteneste inkl. helsestasjon for ungdom, kommuneoverlege og legekontor. Legekontoret har 4 fastlegar, 1 sjukepleiar og 2 helsesekretærar. Fastlegane har bistilling som sjukeheimslege og helsestasjonslege. På helsetunet har me også eit privat fysikalsk institutt. Alle avdelingar er lokaliserte på helsetunet. Helseavdelinga driv eit utstrekt arbeid innafor kurativt og førebyggande arbeid både når det gjeld somatisk og psykisk helsearbeid. 

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Samnanger kommune orgnr: 987618523
Kort om arbeidsgiver

I hjarta av gamle Hordaland, midt mellom Bergen og Hardanger, ligg Samnanger kommune som ein naturleg skjønnheit. Med relativ kort veg til både by- og naturopplevelsar, er Samnanger perfekt for deg som ønskjer både i pose og sekk. Kraftkommunen med sine 2 500 innbyggjarar er i vekst, og potensialet er stort. Me treng deg som ser dette potensialet og vil vera med på den spanande reisa vidare.

Helse og omsorg er ein sektor leia av kommunalsjef. Pleie og omsorg, helse, barnevern, NAV, PPT og flyktningetenesta er knytta til sektoren. Helse og omsorg har som mål å leggja til rette for tenester tilpassa den einskilde, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innholdsrikt liv.

 

Webside https://www.samnanger.kommune.no/
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted TYSSE (Adresse: Tyssevegen 108 Postnr: 5650)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist Unknown


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/7dd4edb0-da95-42c6-98f2-f80fa92ba037
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/253729