Fastlegeheimel med god 8.2-avtale i Øystre Slidre – Øystre Slidre kommune

Health and social care Lege

(4 dager siden)

  • HEGGENES
  •  Lagt til dato: 14. oktober 2024
  •  Expire date: 30. oktober 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 14-10-2024
Deadline: 30-10-2024

 

Fastlegeheimel med god 8.2-avtale i Øystre Slidre

Øystre Slidre kommune har om lag 3 200 innbyggjarar. Kommunen har eitt legekontor på Heggenes, som ligg midt mellom Beitostølen og Fagernes. Ved legekontoret er det tre spesialistar i allmennpraksis og ein LIS1 lege, samt stabile og dyktige sjukepleiarar og helsesekretærar. Vi har også ein medisinstudent to gonger i året i 6 veker kvar gong. 

Kommunen planlegg for eit nytt helsesenter med samlokalisering av legekontor, helsestasjon og psykisk helseteneste. Det er etablert interkommunal legevaktordning for dei seks kommunane i Valdres.

Arbeidsoppgåver

Legane i Øystre Slidre har inngått ei felles 8.2-avtale med kommunen:
Kommunen er arbeidsgjevar for medarbeidarane på legekontoret og dekker driftsutgifter, nærare spesifisert i fellesavtalen. Som kompensasjon for dette betaler ikkje kommunen ut basistilskot, utjamningstilskot eller praksiskompensasjon ved kommunale oppgåver utanom ved fråvær etter nattevakt.
Ved fråvær frå praksis grunna kurs eller eigen/barns sjukdom, dekker kommunen halv sats av den til ei kvar tid gjeldande praksiskompensasjonen til Allmennlegeforeningen per dag, avgrensa til éin dag per 100 listepasientar per år.

Den som har legevakt på dagtid/dagvakt får den til ei kvar tid gjeldande timesatsen regulert i SFS 2305 punkt 6.4 b utbetalt som løn. I samband med avvikling av løna utdanningspermisjon i kommunal stilling, har legane rett på uløna fri frå praksis. Kommunen stiller då vikar i legepraksisen.
Legane dekker kollegialt opp fråvær ved kurs, avspasering etter nattevakt og ved sjukdom inntil to veker.

Kvalifikasjonar

Vi ynskjer velkomne spesialistar i allmennmedisin eller allmennlegar i spesialisering (ALIS).

Personlege eigenskapar

Personleg eignaheit, fagleg dyktigheit og evne til å samarbeide tillegges vekt. 

Vi tilbyr

Kommunen vil leggje til rette for spesialisering og kompetanseutvikling.

Kontaktinformasjon

Per Bo Svensson, Tenesteleiar helse og tilrettelagte tenester, +47 92666185

Arbeidsstad

Bygdinvegen 2134
2940 Heggenes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune

Referansenr.: 4868911357
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Øystre Slidre kommune orgnr: 979149948
Kort om arbeidsgiver

Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter. 

Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge.  Velkommen til rein naturglede!

Reiseliv og jordbruk er blant dei største  næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.

Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt  tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu. 

Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.

Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.

Webside http://www.oystre-slidre.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted HEGGENES (Adresse: Bygdinvegen 2134 Postnr: 2940)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 30-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/386a1620-36d6-4af4-809a-be443d06c224
IMPORTAPI