Stillingsbeskrivelse
Published 16-10-2024
Deadline: 17-11-2024
Fastlege
Fastlege i veldrevet gruppepraksis ved Rosendal helsesenter.
Kvinnherad kommune har vel 13.100 innbyggjarar. Kommunen ligg mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter. Husnes er største tettstaden, har to barnehage, grunnskule, vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjergard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.
Kommunen har i mange år hatt ei god og stabil legedekning. For tida har vi 18 fastlegar i kurativ teneste, både med private avtaleheimlar og tilsett i kommunen med fastløn og %-andel av pasientinntekter. I tillegg har kommunen ein stilling for LIS1, 3 sjukeheimslegar i totalt 210% stilling og kommuneoverlege i 100 % stilling. Offentlege oppgåver ved helsestasjonar, i eldreomsorga og rettleiande tenester ellers er fordelt slik at fleire av legane har 8 – 20 % stilling til offentleg allmennlegeteneste. Fastlegar i Kvinnherad nyttar Infodoc Plenario i SKY journalsystem, er knytt til Norsk Helsenett og har elektronisk meldingsutveksling med pleie- og omsorgstenesta.
Kvinnherad er ein vidstrakt kommune. Legane er fordelt på fire legekontor. Det er eit godt fagleg og kollegialt fellesskap i legegruppa, god vegleiing og bakvaktordning i forhold til legevakt, godt samarbeid og samtrening med lokal ambulanseteneste. Vaktordninga er for tida 13-delt. Kvinnherad legevakt er bemanna med sjukepleiar på kveldstid og helgedagar. Kvinnherad legevakt ligg vegg i vegg med ambulansestasjonen.
Kommunen har etablert ein Frisklivsentralen og har tilsett folkehelsekoordinator.
Ledig fastlegeheimel ved Rosendal helsesenter med snarleg oppstart.
Ved Rosendal helsesenter arbeider i dag seks fastlegar i eit kontorfellesskap og organiseringa er eit felles AS og ein LIS1 lege. Tre av legane er spesialistar i allmennmedisin. Vi har også ein medisinstudent to gonger i året i 6 veker kvar gong.
Vi ynskjer å styrkje teamet med å tilsetja ein spesialist i allmennmedisin/lege i spesialisering. Stillinga er nyoppretta og består av fastlegeoppgåver med tilpassa listelengd (650-800 pasientar). Kvinnherad kommune er opne for å vurdera den stillinga som fastlønna, gradert stilling er også mogleg, dersom dette er ynskjeleg. Kommunen ynskjer med dette å leggja til rette for ein enklare start som allmennlege. Samtidig er kommunen også open for tilsetjing som sjølvstendig næringsdrivande.
Alle sjølvstendig næringsdrivande fastlegar har økonomisk samarbeid og driftsavtale med kommunen. Dette inneber m.a. at kommunen held lokale, tilset og har arbeidsgjevaransvar for hjelpepersonell i forholdstal 1 hjelpepersonell per 1000 listepasientar.
Dersom du kan tenkja deg å prøva deg som fastlege i Kvinnherad, oppmodar vi deg til å søkja/ta kontakt. Det er ingen «goodwill» knytt til heimelen.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Fullført norsk turnustjeneste/LIS 1 eller tilsvarende erfaring
- For søkjer med anna utdanning enn norsk, krevjast dokumenterte språkkunnskapar tilsvarande B2. Dette gjelder ikkje skandinaviske søkarar.
- Oppfyller kravene for å søke refusjonsrett overfor Helfo
- Det vert lagt vekt på personleg eignetheit.
- Det må leggast fram politiattest ved tilsetjing.
Vi søker lege som i tillegg til ovenståande kvalifikasjonar
- Har interesse for allmennmedisin
- Er fagleg dyktig, positiv og serviceinnstilt
- Har evne til å arbeide sjølvstendig
- Har evne og interesse for samhandling og tverrfagleg samarbeid
Arbeidsoppgåver
- Utøvende legetjenester som fastlege i følgje lovverk
- Deltaking i kommunal legevakt etter gjeldande avtalar
- Kollegial fråværsdekning
- Det er ikkje tilplikta offentlege oppgåver til stillinga, men det kan verta aktuelt på eit seinare tidspunkt
Fastlegar i Kvinnherad nyttar Infodoc Plenario journalsystem, er knytt til Norsk Helsenett og har elektronisk meldingsutveksling med pleie- og omsorgstenesta.
Me tilbyr
- Tilpassa listelengde
- Gode vilkår for fagleg utvikling og rettleiing
- Tilrettelegging for spesialiseringsløp i allmennmedisin
- Tilsetjing på kommunale vilkår med fastlønnlønn og bonus (30% av inntening)
- Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Søkjar bør ha sertifikat.
Kvinnherad kommune hjelper til med å skaffa bustad, og flytting vert betalt etter gjeldande reglar.
Nærare opplysningar om stillinga, økonomiske vilkår m.m. kan ein få hos:
Dagleg leiar ved Rosendal helsesenter Trygve Torjusen tlf. 901 84 194 trygve.b.torjusen@kvinnherad.kommune.no
Kommuneoverlege Glenn A. Opland tlf. 977 09 308 glenn.opland@kvinnherad.kommune.no
Einingsleiar Irina Zimina tlf. 488 94 055 irina.zimina@kvinnherad.kommune.no
Søknadsfrist: 17.11.2024
Bruk elektronisk søknadsskjema, det finn du under ledige stillingar på Kvinnherad kommune si heimeside: www.kvinnherad.kommune.no
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO