Fastlege – Hå kommune Varhaug legekontor

Health and social care Lege

(6 dager siden)

  • VARHAUG
  •  Lagt til dato: 22. september 2024
  •  Expire date: 7. oktober 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 22-09-2024
Deadline: 07-10-2024

 

Fastlege

Her er den blide gjengen på Varhaug helsesenter som leitar etter ny vikar for fastlege. Me er på jakt etter deg som er interessert i å prøva kommunal fastlegestilling i eit etablert kontor med høg fagleg standard. Det er 5 fastlegar ved kontoret. Hjelpepersonell gruppa består av sjukepleiar og helsesekretær i eit godt fungerande team rundt fastlegane. Vikariat frå 01.01.25, eller etter nærmare avtale og ut august med mogleg forlenging.

Hå har 23 fastlegar som har månadlege faglege møtepunkt og mykje godt samarbeid legekontora i mellom og med kommunens øvrige tenester. Kontoret har høg kakefaktor. Det er enkelt å reise til/frå Varhaug med tog. Det er eit godt arbeidsmiljø og me trivs godt på legekontoret med dyktige kollegaer. Det er enkelt å spør om hjelp og veiledning ved behov.

Me har fastlønn med bonus, der er ingen utgifter, ingen bekymring for husleige, dyr straum, økte utgifter til utstyr og ansatte, ingen administrative oppgaver opp mot personal, drift, data, økonomi. Fri med lønn ved sjukdom, kurs, sjuke barn, svangerskapspermisjon, farspermisjon, dekning av kursavgifter +++ , permisjon ved videreutdanning uten at du selv må ordne vikar.

Fastlegane deltar i anna kommunalt legearbeid inntil 20 % om ikkje anna er avtalt.
Fastlegane deltar i legevakt, legevakta er døgnbemanna med sjukepleier og nattevakt er interkommunal. Det er gode vikarordninger og stort sett moglegheit til å tilpassa vaktbelastninga etter eige ynskje.
Hovudandelen av fastlegane i kommunen er erfarne spesialistar i allmennmedisin og me har gode ordningar for individuell veiledning samt nettverk for legar i spesialisering.
Ynskjer du meir informasjon kan du ta kontakt med kommuneoverlegen som og kan formidla kontakt til ein av fastlegane på Varhaug.

Kvalifikasjonar

  • gjennomført Lis 1
  • god kunnskap om norsk lovverk

Personlege eigenskapar

  • interesse for allmennmedisin
  • evne til å arbeida sjølvstendig og i samarbeid med andre

Personleg egnethet og lokal tilknytning vert vektlagt.

Attestar og vitnemål
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål, i PDF-format, sammen med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Politiattest
Politiattest nyare enn tre månadar må leverast før start i stilling.

Tilsetjingsvilkår
Tilsettinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ein kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtaler. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månadar og reglar for flyttegodtgjersle.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Hå kommune Varhaug legekontor orgnr:
Kort om arbeidsgiver Hå kommune sitt administrasjonssenter ligg på Varhaug, ca. 40 minutter med tog frå Stavanger. Kommunen har ca.19 800 innbyggjarar, velfungerande skuledrift, full barnehagedekning, gode helsetilbod og gode levekår. I tillegg til eit rikt og variert kultur- og idrettstilbod finner ein flotte tur- og friluftsområder. Hå kommune sin visjon er «Me løfter i lag». Våre verdier er Åpen, Driftig og Stolt. Vi ønskjer oss medarbeidarar som kan identifisera seg med vår visjon og våre verdiar!

Tilgjengelighetserklæring

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted VARHAUG (Adresse: Ånestadvegen 17 Postnr: 4360)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 07-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/4ac86b89-a191-443f-b85c-1e4088e093b4
IMPORTAPI