Faste helgestillingar – Psykiatrisk klinikk/ Psykiatrisk akuttmottak, PAM1, Helse Bergen
Health and social care Sykepleier(2 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 18-09-2024
Deadline: 13-10-2024
Faste helgestillingar
PAM1 er ein av to postar i avdeling psykiatrisk akuttmottak ved Haukeland universitetssjukehus. Dette er ei lukka post med 9 senger. Posten tar imot psykiatriske ØH-pasientar til innlegging, vurdering, og set i gang behandling. Liggetida er gjennomsnittleg 4-5 døgn før utskriving eller overføring til andre postar ved sjukehuset.
For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke.
Vi har no ledig faste helgestillingar på dag/aften.
Arbeidsoppgåver
- Gjennomføre sjukepleietiltak
- Pasientoppfølging i post
- Mottak av nye pasientar som blir lagd inn i psykiatrisk akuttmottak
Kvalifikasjonar
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
- Ønskeleg med erfaring frå psykiatri generelt og akuttpsykiatri
- Ønskeleg med erfaring frå miljøarbeid/institusjonsarbeid
- Sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarbeidar må ha norsk autorisasjon
Personlege eigenskapar
- Ansvarsbevisst
- Fleksibel
- Gode kommunikasjonsevner
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Samarbeidsvillig
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Gunn Andersen, Seksjonsleiar, 55958712
Pål Audun Hegland, Assisterande seksjonsleiar, 55958510
Arbeidsstad
Sandviksleitet 1
5036 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen
Referansenr.: 4862002476
Stillingsprosent: 14,5%
Fast
Søknadsfrist: 13.10.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Psykiatrisk klinikk/ Psykiatrisk akuttmottak, PAM1, Helse Bergen orgnr: 975326349 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. |
Webside | www.helse-bergen.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Sykepleier |
Sted | BERGEN (Adresse: Sandviksleitet 1 Postnr: 5036) |
Stillingstype | Fast Deltid Antall stillinger: 4 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 13-10-2024 |