Fast stilling som styrar ved Lalm barnehage – Lalm Barnehage
Education Ledere av omsorgstjenetser for barn(2 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 03-01-2025
Deadline: 20-01-2025
Fast stilling som styrar ved Lalm barnehage
Lalm barnehage er ein kommunal tre-avdelingsbarnehage i Vågå: Humlebolet 0 — 1 år, Revehiet 2 år og Bjørnehiet 3 — 5 år som ligg ca. 12 km aust frå Vågåmo sentrum, mot Otta. Det er ein pedagogisk leiar på kvar avdeling. I tillegg så arbeider det både barnehagelærarar, og barne- og ungdomsarbeidar.
Barnehagen har eit flott uteområde med skogen som nærmaste nabo. Uteområdet utfordrar motorikken til barna på ulike nivå og på vinteren har vi ljosløype rett utanfor døra og ein akebakken som ungane brukar aktivt. Det er eit inngjerda uteområde til de minste i barnehagen. Barnehagen har kort avstand til idrettsplass, lavo, gapahuk, ishockeybane og curlingbane. Lokalane er ljose og lette med gode romløysningar og har ei personalavdeling med felles kontor for pedagogane, møterom, kontor til styrar og personalrom.
Dei kommunale barnehagane legg vekt på god informasjon, oppleving av natur- og uteliv, barnas språklege- og sosiale kompetanse og leik som pedagogisk verkemiddel. I 2025 skal alle tilsette i barnehagane og skulane i kommunen jobbe med «Kompetanseløftet» i samarbeid med SEPU med fokus på inkluderande barnehagemiljø fritt for krenkingar.
Med verknad frå 1.4.25 er det ledig ein spennande og utfordrande stilling som leiar ved Lalm barnehage og med ansvar for det pedagogiske, økonomiske og personaladministrative i barnehagen. Styrar er fast medlem i rektor- og styrarkollegiet og tek del i den kommunale leiarutviklinga.
Vågå kommune søkjer ein leiar som
· har relevant pedagogisk kompetanse for å leie Lalm barnehage i samsvar med lokale og sentrale styringsdokument
· er løysings- og utviklingsorientert
· har god økonomiforståing
· vektlegg systematikk og dokumentasjon, og som kan motivere tilsette, barn og foreldre
vidare i arbeidet med ein felles kultur for oppleving og læring
· kan inspirere og vise omsorg og interesse for den enkelte medarbeidar og barn
· er tydeleg og har klåre visjonar
· har godt humør og stort pågangsmot
· har stor arbeidskapasitet
Vi tilbyr løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, reglement og avtaler.
Har du spørsmål om stillinga kan du kontakte kommunalsjef Hilde Reitan på tlf 48 23 41 01
Søknadsfrist 20.01.2025
Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast med elektronisk skjema eller som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.
Vågå kommune er oppteken av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off. lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
DIVERSE INFO