Stillingsbeskrivelse

Published 28-09-2024
Deadline: 20-10-2024

 

Fast stilling som sjukepleiar på Samnangerheimen og i heimetenesta med arbeid kvar 6. helg

Om stillinga

For å kunna møta dagens og framtidas utfordringar treng me dyktige og engasjerte medarbeidarar med hjarta for eldreomsorg. 

Pleie og omsorg har ledig fast 100 % stilling sjukepleiar med oppstart etter avtale. Stillinga har arbeid kvar 6. helg og dag/kveld. Pleie og omsorg har integrerte tenester der ein arbeider både i heimetenesta og på sjukeheimen. 

Pleie og omsorg yter helsehjelp til innbyggjarane etter lov om kommunal helse – og omsorgstenester. Arbeidsoppgåvene er varierte og me ynskjer å gje eit godt tilbod til pasientar på Samnangerheimen og til heimebuande, med høgt fokus på kompetanse og forsvarlegheit. Me har stort fokus på tidleg oppdaging og gjenkjenning av forverra tilstand og iverksetjing av tiltak, som sikrar ein god og forsvarleg pasientbehandling. 

Heimetenesta jobbar målretta for at pasientane skal få bu og virka i eigen heim så lenge det er fagleg forsvarleg. Heimetenesta utfører ulike prosedyrar i eigen heim og legg til rette for at pasientane kan vera heime i sluttfasen. Me jobbar kontinuerleg med velferdsteknologi og set inn teknologi der det er naudsynt. 

Samnangerheimen er ein sjukeheim med 25 plassar og har høgt fokus på fag og utvikling til det beste for pasientane. Me har pasientar på lang- og kortidsplassar, og tilbyr mellom anna utredning, behandling, rehabilitering, avlastning og lindrande- og palliativ behandling. Samnangerheimen har eige produksjonskjøkken, samt avdelingskjøkken som gjer oss fleksible og skaper gode måltidssituasjonar. Me har stort fokus på ernæring både for pasientane på Samnangerheimen og til heimebuande. 

Over tid har pleie og omsorg fått fleire sjukepleiaroppgåver overført frå sjukehus og dette gir oss varierte og spennande arbeidsdagar, der du får brukt sjukepleiarfaget og utgjer ein forskjell. Fagdekninga er stor og kompetansen høg med flotte og dyktige tilsette. Me har stor takhøgde for faglege diskusjonar og alle tilsette er viktig. Saman med gode kollega får du utvikla faget og i stor grad ha påverknad på eige fagmiljø som igjen skapar engasjement og arbeidsglede blant tilsette. Som tilsett hjå oss vil du få ein variert og meiningsfylt arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollega. Du vil få opplæring, fadder og høve til utvikling innan ulike fagfelt.

Arbeidsoppgåver

  • Gje omsorg og pleie til pasientar på sjukeheimen, i omsorgsbustader og i egne heimar, i tråd med vedtak 
  • Samhandla med pasientar, pårørande og kollega 
  • Utføra sjølvstendige og delegerte oppgåver 
  • Ta ansvar for eiga fagleg og personelg utvikling 
  • Sikre pasientane sine individuelle behov  
  • Jobba målretta for å gje pasientane og deira pårørande ein tryggleik og ein fagleg kvalitet som speglar ein verdig alderdom  
  • Ta del i faglege avgjerder og utviklinga i einingane 
  • Delta i team rundt brukar og bidra med fagleg kompetanse 
  • Sjukepleiardokumentasjon etter lov og forskrift 
  • Gi råd og rettleiing til kollegaer og studentar 
  • Vera rusta til å ha sjukepleiaransvar på Samnangerheimen og i heimetenesta når dette er naudsynt
  • Legevisitt, deltaking i medisinsk behandling, medisinadministrasjon og legemiddelgjennomgang 
  • Delta i daglege gjeremål i eininga og andre delegerte arbeidsoppgåver frå leiar 

Kvalifikasjonar

Krav

  • Autorisasjon som sjukepleiar 
  • God kunnskap innan sjukepleiarfagleg dokumentasjon 
  • Gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg 
  • Fleksibel og endringsdyktig 
  • Gode ferdigheitar innan bruk av IKT-verktøy 
  • Søkjar må ha førarkort 
  • Du må leggja fram gyldig politiattest

Ønskjer

  • Erfaring innan eit eller fleire område som; klinisk sjukepleie, demens, geriatri, palliasjon, rehabilitering er eit ønske

Personlege eigenskapar

  • Tydelig, raus og engasjert 
  • Gode samarbeidsevner, men samstundes tørre å ta eigne avgjersler når det trengs 
  • Er lojal til arbeidsoppgåver, rammer og beslutninger som er gitt i tenesta 
  • Er ein person med positive haldningar, er fleksibel og ser moglegheitar framfor begrensingar 
  • Du er engasjert og ansvarsbevisst 
  • Evne til å takle stress og hektiske situasjonar når det er naudsynt 
  • Bidreg til godt arbeidsmiljø ved å fremja det positive 
  • Gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter 
  • Personlig egnaheit vil bli vektlagt

Me tilbyr

  • Arbeid kvar 6. helg 
  • Årsturnus 
  • Arbeid i team med gode kollega
  • Utfordrande og varierte oppgåver
  • Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
  • Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gunstige pensjonsordningar, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Fleksible arbeidstidsordningar
  • Gode velferdsordningar

Arbeidstilhøve

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera godkjent av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse, HR-dir. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden. 

Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Samnanger kommune orgnr: 987618523
Kort om arbeidsgiver

I hjarta av gamle Hordaland, midt mellom Bergen og Hardanger, ligg Samnanger kommune som ein naturleg skjønnheit. Med relativ kort veg til både by- og naturopplevelsar, er Samnanger perfekt for deg som ønskjer både i pose og sekk. Kraftkommunen med sine 2 500 innbyggjarar er i vekst, og potensialet er stort. Me treng deg som ser dette potensialet og vil vera med på den spanande reisa vidare.

Helse og omsorg er ein sektor leia av kommunalsjef. Pleie og omsorg, helse, barnevern, NAV og flyktningetenesta er knytta til sektoren. Helse og omsorg har som mål å leggja til rette for tenester tilpassa den einskilde, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innholdsrikt liv.

Webside https://www.samnanger.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted TYSSE (Adresse: Tyssevegen 94 Postnr: 5650)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 20-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/35667f11-0ce8-4c1b-bf00-e657262e8ff4
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/266603