Fast stilling som miljøarbeidar Lindevika buteneste – Austevoll kommune

Health and social care Andre helseyrker

(4 dager siden)

  • STOREBØ
  •  Lagt til dato: 15. september 2024
  •  Expire date: 29. september 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 15-09-2024
Deadline: 29-09-2024

 

Fast stilling som miljøarbeidar Lindevika buteneste

Om arbeidsstaden

Helse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie – og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, miljøarbeidertenesta, NAV og psykisk helse/rus/kreftomsorg og frivillig arbeid. Helse og velferd har som mål å fagleg leggje til rette med tenester tilpassa den einskilde sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv. 
 

Miljøarbeidartenesta yt praktisk bistand, opplæring og heimesjukepleie til personar med nedsettfunksjonsevne. Delar av tenesta er knytt til bufellesskap med heildøgnsbemanning medan ei stor del av tenstaer knytt til heimeteneste ulike stader i kommunen. 

Austevoll kommune har ny eining under oppbygging i Bekkjarvik som vil fungere som avlastningsbustad med tre omsorgsbustader i tilknytning.

Om stillingen

Lindevika butenesta har ledig 100 % stilling som miljøarbeidar.

Me treng trygge, aktive og omsorgsfulle tilsette til arbeid i turnus, der det er stor grad av langvakter. 
Som miljøarbeidar vil du blant anna ha oppgåver knytt til primærgruppeansvar, aktiv oppfylging av tenestemottakar i daglege aktivitetar, samarbeid med pårørande og andre aktuelle partar og planarbeid. Du vil arbeide tett med teamleiar og andre tilsette for å bygge opp tenestene, fagsystem og kultur.

  • Målretta miljøarbeid og burettleiing tilpassa den einskilde sitt behov ut frå vedtak og tiltaksplanar
  • Vi søkjer ein engasjert medarbeider som vil vere med å videreutvikle tenester 
  • Medvirke til eit ope og positivt arbeidsmiljø, ha stå på vilje og godt humør arbeid i primærgruppe 
  • Journalføring og rapportskriving, deltagelse i den daglige aktiviteten rundt tenestemottakar og kontakt med pårørande 
  • Rettleiing til kollegaer, praksis elevar og andre. 
  • Oppfølging av individuelle planar, habiliteringstiltak, bruk av hjelpemiddel og kartlegging 
  • Praktiske gjeremål i bustad og andre delegerte oppgåver frå teamleiar

Kvalifikasjonskrav

Formelle kvalifikasjonskrav:

  • Det krevs autorisasjon som helsefagarbeidar 
  • Andre utan formell kompetanse kan bli vurdert 
  • Gyldig politiattest må leggast fram ved tilsetjing 
  •  Førarkort klasse B God skriftleg og munnleg formidlingsevne 
  • Gode datakunnskapar, kjennskap til Visma profil pasientjournalsystem er ønskjeleg 
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskapar i norsk skriftleg og munnleg gjennom bestått B2 test i Norsk 
  • Personleg eignaheit er ein føresetnad og vert særleg vektlagt

Personlege eigenskapar:

  • Ein grunnleggande respekt for menneske og engasjement for brukargruppa 
  • Sporty og likar utfordringar 
  • Open, lojal og påliteleg 
  • Omsorgsfull, trygg, stabil og tilpasningsdyktig 
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner 
  • Løysningsorientert, strukturert og tydeleg 
  • Har god evne til etisk refleksjon 
  • Medvirke til eit ope og positivt arbeidsmiljø, ha stå på vilje og godt humør 
  • Gode gjennomføringsevne 
  • Fagleg engasjement 
  • God på å møte og lese mennesker

Vi tilbyr:

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø 
  • Spanande utfordringar 
  • Løn etter kvalifikasjonar 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Slik søkjer du:

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka «Søk stilling» på denne sida. 

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. 

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen. 

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Austevoll kommune orgnr: 976973860
Kort om arbeidsgiver

Austevoll er ei øygruppe og ein kommune Sør-Vest i Vestland fylke. Austevoll er landets største fiskerikommune med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spennande jobbar. Kommunen sitt administrasjonskontor held til i nye lokalar i kommunehuset på Storebø som ligg 5 minuttars køyring frå ferje- og snøggbåtkai. Frå august 2023 vert alle sambanda mellom Austevoll og fastlandet gratis for alle reisande!  

Kommunen har eit folketal på 5.300 innbyggjarar og dagleg pendlar om lag 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er om lag 400 fast tilsette som er opptatt av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester. Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til stilling i Austevoll kommune!

Miljøarbeidartenesta yt praktisk bistand, opplæring og heimesjukepleie til personar med nedsett funksjonsevne. Delar av tenesta er knytt til samlokaliserte bustader med heildøgnsbemanning medan ei stor del av tenesta er knytt til heimeteneste ulike stader i kommunen. Austevoll kommune har ny eining under oppbygging i Bekkjarvik som vil fungere som avlastningsbustad med tre omsorgsbustader i tilknytning.

Webside https://www.austevoll.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Andre helseyrker
Sted STOREBØ (Adresse: Birkelandsvegen 2 Postnr: 5392)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 29-09-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/d5e3952b-9e09-4388-a449-8be7979badd2
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/265216