Fast stilling som ingeniør hos STAMI – Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI)
IT Utvikling(6 måneder siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 15-05-2024
Deadline: Unknown
Fast stilling som ingeniør hos STAMI
Om forskingsgruppa
Gruppe for arbeidsmiljøkjemi (KJEMI) er samansett av 20 medarbeidarar (forskarar, ingeniørar og doktorgradsstipendiatar) som arbeider med kartlegging og identifisering av kjemiske og biologiske forureiningar i arbeidsmiljøet som kan medfører eksponeringar for arbeidstakarar.
Forsking med kartlegging og identifisering av kjemiske og biologiske forureiningar i arbeidsmiljøet er gruppa sin kjerneaktivitet.Gruppa gjev også råd og rettleiing om prøvetaking samt tilbyr analyser av luft- og biologiske prøver innan arbeidsmiljøfeltet. I tillegg til dette har gruppa ansvaret for oppfylging av den nasjonale databasen for luftmålingar (EXPO).
Om stillinga
Arbeidet i denne stillinga vil i stor grad vere knytt til oppfylging av EXPO og tenesteyting i samanheng med eksponering av kjemiske sambindingar i arbeidsluft.
Oppfylginga av EXPO vil innebere å vere en del av EXPO-teamet på STAMI, som jobbar for å vidareutvikle EXPO og gjennom dette bidra til auka kunnskapen om lufteksponering i norsk arbeidsliv. Du vil ha hovudansvaret (prosjektleiar) for dei bransjeretta EXPO-prosjekta ved STAMI, igangsetting av prosjekta i samarbeid med fagansvarleg for EXPO, rekruttering av bedrifter og prøvetaking. Vidare vil arbeid med tenesteyting i stor grad vere knytt til eksponering for dieseleksos med fastsetjing av elementært karbon og for elektrokjemiske sensorar for gassmålingar.
Arbeidsoppgåvene vil vere knytt til utvikling av eksisterande og implementering av nye analysemetodar, samt rådgiving om prøvetaking på arbeidsplassar og utarbeiding av analyserapporter knytt til dei laboratorietenestene STAMI tilbyr. Ved deltaking i forskingsprosjekt må det påreknast noko reiseverksemd.
Kvalifikasjonar
Det krevst:
- Mastergrad innan fagområdet analytisk kjemi eller andre fagfelt som er relevante for arbeidsoppgåvene
- Praktisk erfaring med instrumentell analyse
- Gode munnlege og skriftlege framstillingsevner på både norsk og engelsk
- Erfaring med yrkeshygieniske problemstillingar og prøvetaking på arbeidsplassar
- Førarkort klasse B.
Det er ynskjeleg med:
- Erfaring med rekruttering og/eller rådgjeving av bedrifter
- Interesse for formidling og rådgjeving
Vi ser etter deg som har
- Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og systematisk, men også samarbeider godt med andre
- Gode datakunnskapar
- Gode samarbeidsevner og er serviceinnstilt
- Tar initiativ
- Ynskjer å jobbe tverrfagleg med arbeidsmiljø.
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Hos oss får du
- Sjølvstendige, varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape noko saman
- Engasjerte, hyggelege og sosiale kollegaer som er opptatt av kvalitet og samarbeid
- Høve til fagleg utvikling og læring
- Ta del i tverrfaglege prosjekt
- God og rimeleg kantine
- Tilgang til treningsrom
- Fleksibel arbeidstid med sommar- og vintertid
- Betalt mobilabonnement gjennom Phonero (Telia)
- Arbeidsstad sentralt plassert i grøne omgjevnadar ved Majorstua i Oslo
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, ei av de beste pensjonsordningane i Noreg.
Stillinga er ei fast heiltidsstilling og blir løna etter Statens regulativ som
- Overingeniør (stillingskode 1087) eller
- Senioringeniør (stillingskode 1181).
Lønn etter avtale. Innplassering av løn og stillingskode er avhengig av utdanning og kvalifikasjonar. Frå løna innbetalast 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse, noko som inneber tenestepensjonsordning samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring. Ved tilsetting er det seks månadar prøvetid.
Tiltreding: Etter avtale
Kontaktinformasjon
Meir informasjon om stillinga får ein ved å vende seg til:
- Gruppeleiar Nils Petter Skaugset, tlf 23 19 53 56/404 31 269 eller e-post: nps@stami.no,
- EXPO fagansvarleg Ragnhild Strand Østrem, tlf 23 19 53 55 eller e-post raos@stami.no
For nærmare opplysningar om søknadsprosessen:
- Seniorrådgjevar Maria Grongstad, tlf 23 19 51 36 eller e-post: Maria.Grongstad@stami.no
Meir informasjon om Statens arbeidsmiljøinstitutt finn ein på våre nettsider: STAMI
Inkludering og mangfald
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad gjenspeile mangfaldet i befolkninga. Vi legg vekt på mangfald, og oppfordrar derfor kvalifiserte søkarar til å søke utan hensyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du har stått utanfor arbeid og utdanning i ei lengre periode (hull i CVen). Våre lokaler er universelt utforma, og vi ønsker å legge forholda til rette for personar med nedsatt funksjonsevne.
Dersom du som søkar kryssar av for nedsatt funksjonsevne, etnisk bakgrunn eller hull i CVen, gjer vi deg merksam på at denne opplysninga kan brukast til statistikkformål i samsvar med krava i personvenvernforordninga artikkel 13 og 14.
Du kan be om å bli unntatt frå den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følgje.
Korleis søker du stillinga
Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge: «Søk stillinga». Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitemål og/eller karakterutskrift hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge.
Søkarar med utanlandsk utdanning (både bachelor og/eller master), må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk, dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) er det nasjonale kunnskapsorganet på arbeidsmiljø- og helseområdet. STAMI er ein underliggande etat av Arbeids- og sosialdepartementet. STAMI sin visjon er at norsk arbeidsliv skal vere i stand til å førebygge sjukdom og fremje god helse og skape verdiar gjennom å utvikle bærekraftige arbeidsmiljø. STAMI si verksemd omfattar forsking og utgreiing, undervisning, rådgjeving og kommunikasjon. Vi tilbyr ein spennande og utviklande arbeidsplass med ca. 150 tilsette i eit tverrvitskapleg kunnskapsmiljø. STAMI-forskarar har på 2000-tallet publisert ca. 1.100 vitskapelege publikasjonar.
|
Webside | https://stami.no |
Bransje | IT |
Yrke | Utvikling |
Sted | OSLO (Adresse: Gydas vei 8 Postnr: 0363) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | Unknown |