Stillingsbeskrivelse

Published 27-03-2025
Deadline: 13-04-2025

Fast helgestilling- Miljøterapeut i barneavlastninga, Butenesta Haram

Haram bustader har ledig helgestilling som for tida har arbeidsstad i avdeling barneavlastning. Stillinga er for tida på helg, med hyppigheit kvar 4. helg og stillingsstorleik 11,27%. Stillinga er ledig for Miljøterapeut. Dei som har 3-årig helse- eller sosialfagleg bakgrunn kan søke på denne. 

Haram bustader yter tenester på følgande område; tenester i bustad retta mot personar med diagnose utviklingshemming, dagsenter, avlastningsteneste for vaksne, barnebolig/avlastning og Solbakken bukollektiv.

Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Vår viktigaste ressurs er dei tilsette og vi ønsker å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og  meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil kreve nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.

Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.

Arbeidsoppgåver

  • Målretta miljøarbeid
  • Vere nytenkande og kreativ for å imøtekome deltakarane sine behov og ønsker
  • Bruk av hjelpemiddel dersom deltakarane har behov for dette
  • Deltaking/samhandling med pårørande/verge og andre samarbeidspartnarar
  • Dokumentering etter gjeldande prosedyrer og lovverk
  • Fagutvikling, miljøterapeut vil ha fagansvar og koordineringsansvar i avdelinga
  • Utarbeide, oppdatere og følge opp tiltak og planar etter vedtak og behov

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar eller annan treårig høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag
  • Erfaring med å jobbe tverrfagleg og i team
  • Erfaring frå arbeid med barn
  • Meistre godt norsk både skriftleg og munnleg
  • Førarkort kl. B
  • Erfaring frå arbeid rundt menneske med psykisk utviklingshemming
  • Tilfredsstillande politiattest

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som

  • Viser initiativ og er kreativ
  • Er kunnskapsrik og fagleg oppdatert
  • Er pliktoppfyllande og sjølvgåande
  • Har stor arbeidskapasitet og er ein utprega omsorgsperson
  • Evnar å bygge relasjonar med deltakarar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
  • Evnar  å skape engasjement og har gode haldningar og moral
  • Er ein lagspelar som bidreg til at felles mål blir nådd
  • Er lojal og stabil

Vi tilbyr

  • Ein kjekk arbeidsplass med moglegheit for personleg og fagleg utvikling
  • Rom for å være kreativ
  • Løn etter gjeldande tariffavtale

Kontaktinformasjon

Linn Borgund, Tenesteleiar, 97595965, linn.borgund@haram.kommune.no
Amanda Kristin Rise, Avdelingsleiar, 91161215, Amanda.Kristin.Rise@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Ulvestadvegen
6265 Vatne

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 4943369868
Stillingsprosent: 11,27%
Fast
Søknadsfrist: 13.04.2025

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Tenesteområde Butenester, Haram kommune orgnr: 887435812
Kort om arbeidsgiver

Etter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 er Haram frå 1. januar 2024 eigen kommune, med dei grensene som var før samanslåinga med Ålesund

Kommunen har omlag 9300 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre.
Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.

Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid.
Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.

Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.

Webside http://www.haram.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Miljøarbeidere
Sted VATNE (Adresse: Ulvestadvegen Postnr: 6265)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 13-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e2650fe8-f95b-44be-8265-b6d904dda593
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31