Fast heil stilling som kokk i Omsorgstenesta aust Bråvolltunet – Ullensvang kommune Bråvolltunet

Reiseliv og mat Kokk

(2 dager siden)

  • ODDA
  •  Lagt til dato: 18. november 2024
  •  Expire date: 3. desember 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 18-11-2024
Deadline: 03-12-2024

 

Fast heil stilling som kokk i Omsorgstenesta aust Bråvolltunet

Ledig 100 % fast stilling som kokk på Bråvolltunet

Om arbeidsplassen:

Pleie og omsorg aust er ei samordna teneste. Sjukeheimen, Bråvolltunet , har 16 langtidsplassar og 2 korttidsplassar, kjøken og dagtilbod. I heimetenesta yter ein tenester til om lag 60 pasientar. Kjøkenet lagar mat til pasientane på institusjonen og til heimebuande, og er opptatt av at maten er variert, næringsrik og god. Ynskjer du å arbeide i eit godt arbeids- og fagmiljø, med mange spanande arbeidsoppgåver, håpar me du søkjer jobb hjå oss.

Arbeidsoppgåver:

  • Lage og tilberede alle måltid; frukost, lunsj, middag og kvelds. Både til kvardag og fest
  • Ernæringsarbeid
  • Pakke middag til heimebuande
  • Bake
  • Lage meny i samarbeid med fagleiar
  • Kunne nytte ressursane kjøkenet har, på best mogeleg måte
  • Reinhald
  • Kjenne til og bruka eininga sine prosedyrar og rutinar
  • Arbeide etter dei økonomiske rammene tenesta har

 

Ynskte kvalifikasjonar:

  • Fagbrev som kokk, men søkjarar med lang erfaring utan formell utdanning, kan bli vurderte
  • Brenn for norsk tradisjonsmat
  • God kunnskap innan ernæring, og veta kvifor rett ernæring er viktig
  • God datakunnskap
  • Kjennskap til ik-mat/ haccp
  • God skriftleg og munnleg norskkunnskap

 

Personlege eigenskapar:

  • Positiv og godt humør
  • Engasjert
  • Gode samarbeidsevner
  • Fleksibel
  • Punktlig og strukturert
  • Kreativ
  • Endringsdyktig

 

Me tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Lønn etter hovedtariffavtalen
  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
  • God opplæring

Krav:

  • Politiattest
  • Godkjend tuberkulinstatus

 

Stillinga er ledig frå dags dato.

 

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.

For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.  

I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak: 

«Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Ullensvang kommune Bråvolltunet orgnr:
Kort om arbeidsgiver – ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.

Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.

Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.

Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov.

Tar du utfordringa ?

Lenkjetekst
Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa

Lenkje
https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

Webside
Bransje Reiseliv og mat
Yrke Kokk
Sted ODDA (Adresse: Opheimsgata 31 Postnr: 5750)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 03-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/b92de3da-4267-4d2d-9455-bcaa8d6560af
IMPORTAPI