Fast 100% undervisningsstilling i idrettsfag – Ulstein vidaregåande skule, Møre og Romsdal fylkeskommune
Education Grunnskole(2 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 17-11-2024
Deadline: 01-12-2024
Fast 100% undervisningsstilling i idrettsfag
100% fast undervisningsstilling innan idrettsfag
Arbeidsoppgåver
Vi søkjer etter ein idrettslærar som har brei undervisningskompetanse i alle idrettsfaga, samt kroppsøving. Det er pårekneleg å bli tildelt rolla som kontaktlærar. Aktuelle undervisningsfag innan idrettsfag er treningslære, aktivitetslære, idrett og samfunn, treningsleiing, breiddeidrett og/eller toppidrett.
Fag- og timefordeling mellom kroppsøving og idrettsfag kan variere frå år til år.
Kvalifikasjonar
Søkjar må ha utdanning på minimum bachelornivå, med undervisningskompetanse i idrettsfag og kroppsøving.
Har PPU.
Det er ein fordel med brei fagleg og erfaringsmessig bakgrunn, helst frå fleire idrettar.
Personlege eigenskapar
Er nyskapande, fleksibel og kan samhandle.
Har høge ambisjonar på vegne av elevane, god formidlingsevne og eit positivt elevsyn.
Er ein tydeleg leiar i klasserommet og evnar å bygge gode relasjonar til elevar og mellom elevane.
Er utviklingsorientert og initiativrik.
Er pålitelig og har gode samarbeidsevner.
Vi tilbyr
Introduksjonsprogram.
God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling.
Offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i SPK).
Løn etter tariff.
Andre opplysningar:
Den som blir tilsett må levere politiattest jf. opplæringslova §10-9.
Vi brukar nynorsk som administrasjonsspråk.
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om anonymitet. Du vil bli varsla om dette.
Kontaktinformasjon
Margaret Alme, Rektor, 95839744
Bård Ringstad, Avdelingsleiar, 93040441
Arbeidsstad
Holsekerdalen 180
6065 Ulsteinvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 4881582363
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Ulstein vidaregåande skule, Møre og Romsdal fylkeskommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit. Møre og Romsdal fylkeskommune er opptatt av mangfald, og vi oppfordrar derfor alle som er kvalifiserte til å søke hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. For deg som får tilbod om stilling med arbeidsstad i skole og tannhelsetenesta er det krav om politiattest. Dersom du ønsker at søknaden din skal bli behandla konfidensielt, gjer vi deg merksam på at opplysningane likevel kan bli gjort offentleg. Du vil då få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25. Bli med å utvikle regionen saman med oss! Om skulen (ulstein.vgs.no) |
Webside | https://ulstein.vgs.no/ |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Grunnskole |
Sted | ULSTEINVIK (Adresse: Holsekerdalen 180 Postnr: 6065) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 01-12-2024 |