Fagleiar – vikariat – Solbakken omsorgsboliger

Kontor og økonomi Ledelse administrasjon og radgivning

(7 timer siden)

  • BØ I TELEMARK
  •  Lagt til dato: 7. oktober 2024
  •  Expire date: 21. oktober 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 07-10-2024
Deadline: 21-10-2024

 

Fagleiar – vikariat

 

Har du lyst å prøve deg som fagleder, da er Solbakken ein god stad!

Fagleiar på Solbakken vil vere knytt til leiarteamet. Saman med avdleiar legge tilrette for god fagoppfølging i tenesta.  Vi har tru på at fokus på fag gir kvalitet i tenesta og engasjerte og fornøgde medarbeidarar.

Stillinga er delvis i turnus, med 60 % frigjort fag/kontortid.   

Solbakken bu og avlastning er eit døgntilbod med mange ulike tenestetilbod. Det er 5 leiligheter i bufellesskapet, pluss ein enkeltbolig, i tillegg gjev vi tenester ut i eigne heimar. Det er og eit avlastningstilbod knytt til tenesta. Totalt sett gir vi tenester til barn og bebuarar frå 5-60 år.
Vi har store fine lokale.
Det er ein spanande og utfordrande arbeidsstad, med mange og varierte faglege utfordringar. Vi har eit godt tverrfaglig samarbeid, både med spesialisthelsetenesta og oppvekstsektoren.

Arbeidsoppgåver

  • Samarbeid/oppfølging av dei enkelte fagansvarlige
  • Plan og fagarbeid
  • Rutiner, prosedyrer; logistikk i avd
  • Oppfølging av enkeltvedtak, tvang/makt kap 9
  • Veiledning og oppfølging; journalføring
  • Fagutvikling, internundervisning i tråd med opplæringsplan
  • Assistere avdelingsleiar på enkeltoppgaver ift drift
  • Alt arbeid er i tett samarbeid med avdelingsleiar som har det overordna ansvaret for fag i avdelinga
  • Stedfortreder for avdelingsleiar i ferier og kortere fråvær

Kvalifikasjonar

Krav til kvalifikasjonar

  • Fortrinnsvis autorisert vernepleier, anna høgskuleutdanning innan helse og sosial kan vurderast
  • Erfaring med tjeneste til menneske med utviklingshemming

Særskilde krav

  • Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.

Personlege eigenskapar

  • Strukturert
  • Målretta
  • Evne til formidling og kommunikasjon
  • Positiv

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kopi av vitnemål og attestar tas med ved eventuelt intervju.

Kontaktinformasjon

Ingrid Lømo Ånensen, Avdelingsleiar, +47 41178658

Arbeidsstad

Grivijordet 9
3802 Bø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune

Referansenr.: 4865003023
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.01.2025
Sluttdato: 30.09.2025
Søknadsfrist: 21.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Solbakken omsorgsboliger orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa.

Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.

Webside https://midt-telemark.kommune.no/
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Ledelse, administrasjon og rådgivning
Sted BØ I TELEMARK (Adresse: Grivijordet 9 Postnr: 3802)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse 01-01-2025
Søknadsfrist 21-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/a1048844-9b05-4de8-8d75-3671cc27b4b8
IMPORTAPI