Fagleiar – vatn og avløp forvaltning – Alver kommune

Industri og produksjon Arbeidsleder industri

(3 dager siden)

  • FREKHAUG
  •  Lagt til dato: 23. mars 2025
  •  Expire date: 7. april 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 23-03-2025
Deadline: 07-04-2025

Fagleiar – vatn og avløp forvaltning

Bli med å skapa trygge og berekraftige løysingar for framtida!

Tenesteområdet Eigedomsforvaltning søkjer ein engasjert og kompetent VA-ingeniør til å leie og utvikle fagmiljøet vårt som fagleiar innan vatn- og avløpsfaget. Som fagleiar vil du ha ei sentral rolle i planlegging, prosjektering og gjennomføring av alle VA-relaterte oppgåver. Du vil samarbeide tett med andre avdelingar for å sikre heilskaplege og berekraftige løysingar. Stillinga rapporterer til avdelingsleiar for veg, vatn og avløp forvaltning.

Alver er ein kommune med mykje flott natur, gode lokalsamfunn og er ein kommune i stor utvikling. I Alver kan du bu både landleg eller meir urbant, og kanskje kan denne stillinga sikra deg kortare veg til jobben utan lange bilkøar?

Foran oss ligg mange spennande oppgåver for å sikra at alle innbyggjarane våre har eit trygt og godt drikkevatn, og samtidig å sikra gode, miljøvennlege løysingar for avløp.

Om avdelinga

Avdeling for veg og VA forvaltning er ei av fire avdelingar under tenesteområde Eigedomsforvaltning. Føremålet med avdelinga er å sikre planlegging, vedlikehald og utvikling av all kommunal infrastruktur, slik at alle innbyggjarane i kommunen har trygt drikkevatn, avløp blir handtert utan forureining, og vegnettet er trygt å ferdast på. Avdelinga består i dag av 8 rådgjevarstillingar, i tillegg til avdelingsleiar.

Vi sit i moderne kontor på Frekhaug kommunehus. Her er det gangavstand til bussterminal og hurtigbåt til Bergen. Vi sit samla med andre tekniske fag og planfag. Saman skaper vi eit sterkt fagmiljø.

Ansvar og arbeidsoppgåver

I rolla vil du ha det overordna faglege ansvaret for VA, der du vil spele ei sentral rolle i styringa og utviklinga av avdelinga. I samråd med avdelingsleiar vil du følgje opp og koordinere forvaltningsoppgåvene innan vatn- og avløpsanlegga i kommunen. Det inneber blant anna å følgje opp innbyggjarar, næringsliv og private utbyggjarar, samt utbygging og VA som skal overtakast til kommunal drift og vedlikehald.

Andre relevante oppgåver vil vera:

  • Å sikre fagleg kvalitet på avdelinga gjennom godkjenning av saker
  • Godkjenning og oppfølging av VA-tekniske planar
  • Å utarbeide planar for vedlikehald og investeringar i leidningsnetta
  • Å følgje opp og oppdatere temaplan VA
  • Å følgje opp offentleg anskaffing og rammeavtalar innan VA-faget
  • Å bidra til kompetanseutvikling innan fagområdet
  • Andre arbeidsoppgåver som fell naturleg inn under avdelinga og tenesteområdet

Din rolle

Vi søkjer deg som har erfaring innan VA, gjerne frå offentleg sektor. Du er løysingsorientert, og motivert til å vidareutvikle VA-faget i Alver kommune.

Vidare ser vi føre oss at du: 

  • Har høgare utdanning innan VA, relevant erfaring kan kompensere for utdanning
  • Har kjennskap til gjeldande lovar og forskrifter
  • Er motivert, målretta, sjølvstendig, og har god gjennomføringsevne
  • Trivst med samarbeid, og vil vere ein god lagspelar for kollegaer
  • Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • Har førarkort klasse B

Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Kva kan vi tilby deg? 

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver som gjer ein forskjell for lokalsamfunnet
  • Eit tverrfagleg og godt arbeidsmiljø med høg kompetanse, og fokus på trivsel, samarbeid og kompetansedeling
  • Moglegheit for heimekontor etter gjeldande retningslinjer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
  • Fleksitidsordning
  • Lønn etter avtale

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Alver kommune orgnr: 923546510
Kort om arbeidsgiver

Alver kommune – Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar! 

Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare. 

Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv. 

Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.  

Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.

Webside https://www.alver.kommune.no/
Bransje Industri og produksjon
Yrke Arbeidsleder, industri
Sted FREKHAUG (Adresse: Havnevegen 41A (Kommunehuset på Frekhaug) Postnr: 5918)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 07-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/57d0b560-70f4-4af6-8878-d9311ca9e945
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/276873

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31