Fagleiar reinhald – Solund kommune Helse og omsorg

Sales, retail and retail trade Renholdere og renovasjon

(20 timer siden)

  • HARDBAKKE
  •  Lagt til dato: 27. oktober 2024
  •  Expire date: 17. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 27-10-2024
Deadline: 17-11-2024

 

Fagleiar reinhald

Solund er eit øyrike ytst i Sognefjorden. Vi har eit godt utvikla tenestertilbod i kommunesenteret Hardbakke med skule, barnehage, butikksenter og gode kommunikasjonar til fastlandet. Solund er eit eldorado for friluftsaktivitetar på sjø og land, til dømes kajakkpadling og fotturar.

Solund kommune har ledig 100% vikariat som fagleiar reinhald med moglegheit for lenging. Vikariatet varer i fyrste omgang for perioden 01.01 -31.12.2025 Stillinga er ein kombinert reinhaldar/fagleiarstilling med ca. 60% reinhald og 40% fagansvar. Det er 7 personar i reinhaldarteamet og dette utgjer ca. 4,7 årsverk.

Arbeidsoppgåver som vil ligge til stillinga er mellom anna:

  • Leiande reinhaldaroppgåver
  • Fagleiar for reinhaldarane
  • Utvikling og gjennomføring av rutiner for alle typer reinhald (dagleg, periodisk, nedvask)
  • Fagleg utvikling, opplæring og rettleiing av dei tilsette
  • Oppfølging og kontroll av forventa kvalitet

Ein må rekne med noko ettermiddag/kveldsarbeid

Kvalifikasjonar:

  • Ynskjeleg med fagbrev som reinhaldar
  • Erfaring og kursing innan reinhald er ynskjeleg
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • Kunnskap om og erfaring med å organisere reinhald og leie eit team

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeidsevner
  • Positiv, ansvarsfull og engasjert
  • Praktisk orientert og systematisk
  • Sjølvstendig og målretta arbeidsform

Personlege eigenskapar vert vektlagt

 Vi tilbyr:

  • Løn etter avtale
  • God pensjonsordning i KLP

Velkomen som søkjar!

Offentleg søkjarliste
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg informasjon. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

 

Solund kommune har vurdert marknadsføring av stillinga og ynskjer berre kontakt med søkjarar. 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Solund kommune Helse og omsorg orgnr:
Kort om arbeidsgiver Solund er eit øyrike ytst i Sognefjorden. Vi har gode kommunikasjonar til fastlandet, inkl. hurtigbåt til Bergen.

Sjøen er ein del av både sjela og landskapet i Solund. Aktivitetar knytt til sjøen er mange og rett utanfor døra, enten det er båtliv, kajakkpadling eller fiske. I nybygde Solund Idrettspark finn du kunstgrasbane, friidrettsanlegg, skatepark, klatrepark, discgolfbane og nytt treningsstudio. Vi har òg idrettshall med symjebasseng, eit aktivt skyttarlag, idrettslag, karateklubb, turlag, skulemusikk, kulturskule og mykje meir. Merka turstiar finn du rundt om i heile kommunen.

I Solund investerer vi for framtida. I løpet av dei neste åra skal vi bygge ny ungdomsskule, binde saman kommunen ved å realisere Ytre Steinsund bru og fortsette utbygginga av breiband.

Klikk på lenkja for å sjå ei film om det flotte øyriket vårt: http://www.youtube.com/watch?v=E3RbqQhfrQQ

Webside
Bransje Salg og service
Yrke Renholdere og renovasjon
Sted HARDBAKKE (Adresse: Hardbakke Postnr: 6924)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 17-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/a7891a6d-fcac-4f33-8263-90e4cb491e04
IMPORTAPI