Fagleiar dagsenter 100 % fast stilling – Vang Kommune, Helse og omsorg
Health and social care Helsefagarbeider(5 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 18-12-2024
Deadline: 26-01-2025
Fagleiar dagsenter 100 % fast stilling
Vang kommune har ledig 100 % fast stilling ved VHT. Stillinga er ei kombinert stilling med 50 % stilling som fagleiar for Dagsenter for personar med kognitiv svikt og Dagsenter Vansgheimen, og øvrige 50 % er knytta til institusjon eller korttid og heimesjukepleia (etter kva du sjølv ynskjer).
Stillinga er ledig frå 1.3.2025.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge aktivitetar og vidareutvikle tilbodet i tråd med personsentert omsorg
- Oppgåver knytt til demensteam
- Utøve helsehjelp i tråd med gjeldande krav og lovverk
- Praktisk bistand og rettleiing til brukarar
- Målretta miljøarbeid med ansvar for dagleg oppfølging og gjennomføring av aktivitetar og rutinar
- Bidra til samarbeid på tvers av einingar i etaten
- Dokumentere i fagsystemet Profil
- Organisering knytt til dagleg drift av dagaktivitetstilbod
Kvalifikasjonar
- Fortrinnsvis helsefagarbeidar med norsk autorisasjon, andre med erfaring frå relevant arbeid kan også søkje
- Ønskeleg med vidareutdanning i alderspsykiatri og demens
- Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
- Erfaring frå kommunal pleie- og omsorgsteneste
- Kunnskap om bruk av IKT som verktøy.
- Førerkort kl. B
Stillinga krev politiattest jf. helsepersonell-loven § 5-4. Attesten må leggjast fram før tiltreding.
Personlege eigenskapar
- Ha evne til å gje omsorg og tryggleik
- Vera fleksibel og ha tilpassingsevne
- Vera motivert, engasjert og strukturert
- Ha eit sterkt engasjement for arbeid med personar med demens
- Ha gode evner til samarbeid
- Sjølvstendig og ha evne til å ta ansvar, til å ta initiativ og til å sette seg raskt inn i nye arbeidsoppgåver
- Evne til å sjå, tenkje og arbeide heilskapleg
Vi tilbyr
- Eit godt og spanande fagmiljø med varierte arbeidsoppgåver
- Eit positivt og triveleg arbeidsmiljø saman med dyktige kollegaer
- Opplæring og rettleiing
- Me tek atterhald om at faste tilsette med rettar etter HTA § 2.3 har førerett til utviding av stilling. Ved intern tilsetjing blir eventelle andre ledige stillingar å tilby søkjarane.
- Tilsetting skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.
- Lønn etter tariff i hht hovudtariffavtala, gode pensjonsvilkår og forsikringsavtalar.
- Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
Kontaktinformasjon
Stine Solemsli, Leiar Vangsheimen og heimetenesta, 908 96 012, stine.solemsli@vang.kommune.no
Arbeidssted
Tyinvegen 5150
2975 VANG I VALDRES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Vang Kommune
Referansenr.: 4895595100
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Vang Kommune, Helse og omsorg orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Vang kommune som arbeidsgjevar:
Å bu i Vang kommune:
Vang kommune er opptatt av mangfold og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Me gjer merksam på at søkjarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkjarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkjar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det. |
Webside | http://www.vang.kommune.no/tenester/helse-og-omsorg/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Helsefagarbeider |
Sted | VANG I VALDRES (Adresse: Tyinvegen 5150 Postnr: 2975) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 26-01-2025 |