Stillingsbeskrivelse

Published 22-09-2024
Deadline: 13-10-2024

 

Fagleiar/assisterande styrar

Svelgen oppvekst har ledig vikariat som fagleiar/assisterande styrar for barnehage i 100 % frå 01.12.24-31.12.25
 
Svelgen oppvekst er eit oppvekstsenter med to barnehagar og ein 1-10-skule

Leiinga ved Svelgen oppvekst består av driftssjef, fagleiar  skule og fagleiar barnehage. I stillinga inngår fagleiaransvar for dei to barnehagane Langeneset barnehage og Svelgen barnehage. Fagleiar vil fungere som  leiar i pedagogiske spørsmål og administrative oppgåver når driftssjef er fråverande.

Arbeidsoppgåver

  • Administrative, økonomiske- og faglege oppgåver, personaloppgåver og forvaltningsoppgåver saman med driftssjef for oppvekstsenteret
  • Leie og vidareutvikle barnehagane som ei pedagogisk og lærande verksemd i tråd med barnehagelova, rammeplan og overordna føringar og lovverk
  • Skape god relasjon med barn, foreldre og tilsette
  • Organisasjonsutvikling
  • Bidra til kompetanseutvikling i eigen barnehage og barnehagane i kommunen
  • Strategisk leiing og planlegging
  • Tverrfagleg samarbeid om barn sin oppvekst og utvikling

Kvalifikasjonar

  • Krav om barnehagelærarutdanning
  • Leiarerfaring og leiarutdanning er ønskeleg
  • Gode, oppdaterte kunnskapar knytt til barnehagefeltet
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i stor grad
  • Krav om godkjent politiattest

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevne, er løysningsfokusert og raus
  • Vere fagleg sterk, ha evne til nytenking og sjå meininga av å vere til stades i den daglege drifta og vere i avdelingane ved behov og vere tilgjengeleg for brukarane og personalet
  • Ha god evne til å inspirere, involvere og motivere medarbeidarane, samtidig som ein stiller krav
  • Vere sjølvstendig og ha gode framdrifts- og gjennomføringsevner
  • Vere strukturert og kunne handtere fleire og samansette arbeidsoppgåver
  • Vere ryddig og ha innsikt i økonomistyring

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje
  • God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i Statens Pensjonskasse. SPK.no- Statens pensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no – Kommunal Landspensjon for andre.  Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet.
  • Gode personforsikringar i arbeid og fritid
  • Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgjevar
  • Arbeidsgjevar dekker kostnadar til arbeidsklede, jf. lokal avtale
  • Senioravtale for tilsette over 62 år.
  • Tilsette i turnusordning får vere med på planlegging av si eiga arbeidstid og fritid. Kan vere muleg med langvakter
  • Rekrutteringstilskot til sjukepleiarar og vernepleiarar med kr. 30.000,-  pr år inntil 10 års ansiennitet
  • Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
  • Gratis barnehage f.o.m. 01.08.24. Løpande barnehageopptak gjennom året!
  • Gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse
  • Sjå ledige bustadtomtar i kommunen
  • Tilskot til bustadbygging Tilskotet er sett til kr 200 000 for bustadhus og kr 50 000 for kjøp av nybygt bustad i fleirbustadbygg

Kontaktinformasjon

Ingrid Leite Loftheim, Driftssjef Svelgen oppvekst, +47 46806321

Arbeidsstad

Gunnar Scheldrups veg 31
6723 Svelgen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bremanger kommune

Referansenr.: 4862566337
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.12.2024
Sluttdato: 31.12.2025
Søknadsfrist: 13.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver f.t. i barnehagen ved Svelgen Oppvekst, Bremanger kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Bremanger kommune er ein kystkommune i Vestland fylke med ca. 3.500 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv.
Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no

 

Webside http://bremanger.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Leder innenfor helsetjenester
Sted SVELGEN (Adresse: Gunnar Scheldrups veg 31 Postnr: 6723)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse 01-12-2024
Søknadsfrist 13-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/c1225496-1f03-4766-ac42-0cbebc3747d9
IMPORTAPI