Faggruppeleiar – drift og forvaltning mobilitetsteknologi – Skyss

Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare

(3 uker siden)

  • BERGEN
  •  Lagt til dato: 1. september 2024
  •  Expire date: 22. september 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 01-09-2024
Deadline: 22-09-2024

 

Faggruppeleiar – drift og forvaltning mobilitetsteknologi

 

Gjennom «Strategi for berekraftig mobilitet» søker vi å svare ut forventningar til vår rolle i å bygge eit
berekraftig mobilitetssystem. Denne strategien representerer eit paradigmeskifte for Skyss til å vere ein aktør som tar større ansvar for å sy saman mobilitetstenester i Vestland.

Eit berekraftig mobilitetssystem består av mange ulike transportmoglegheiter. Dette nødvendiggjer større grad av samarbeid og utveksling av data med andre og fleire aktørar, i både offentleg og privat sektor. Meir datautveksling gjev auka IKT-kompleksitet og set nye krav til Skyss og vår IT-arkitektur, og effektiv
drift. For å kunne innfri på målbilete innan digitalisering og digital transformasjon ønsker Skyss å styrke kompetansen innan framtidsretta drift og forvalting av fagsystem og mobilitetsteknologi. Drift og forvaltning av støttesystem blir levert sentralt av fylkeskommunen.

Vi ser etter deg som har brei fagleg interesse og erfaring innan leiing, service management, kontinuerleg forbetring og effektivisering. Du har sterkt fokus på verdiskaping og gevinstrealisering innan ansvarsområdet og klarar å kommunisere på ein pedagogisk måte. Du trivst i ein hektisk kvardag og klarar å jobbe sjølvstendig innan mandat. Som person evnar du å leie medarbeidarar mot felles mål på ein inkluderande måte.

Du vil leie ei gruppe på om lag 8 fagleg dyktige medarbeidarar innan både system, teknisk, drift og forvalting. Majoriteten av medarbeidarane har arbeidsstad i Bergen, men vi har også lokasjonar andre stader i fylket. Faggruppa vil vere del av avdeling Digital transformasjon og teknologi, og tilsett faggruppeleiar vil samarbeide tett med avdelingsleiar.

 

Arbeidsoppgåver

  • Leie og utvikle medarbeidarar
  • Ansvar for å sikre kontinuerlege forbetringar med felles prosesser, rutinar og standardiserte arbeidsverktøy
  • Ansvar for at val av løysingar støtter oppunder Skyss sine strategiske mål
  • Sikre og leie budsjettprosessar knytt til ansvarsområdet
  • Ansvar for nødvendig kompetansebygging innan fagfeltet i samsvar med strategiske mål
  • Oppfølging av kontraktar for relevante fagsystem
  • Sikre koordinering og samhandling med andre faggrupper/avdelingar
  • Ansvar for å utvikle og behalde eit godt og attraktivt arbeidsmiljø
  • Bidra til realisering av gjeldande strategiar og planverk i Skyss

Kvalifikasjonar

  • Ønskeleg med erfaring med leiing i komplekse organisasjonar, evt. erfaring som prosjekt-/prosessleiar
  • Erfaring med Service Management og ITIL
  • Ønskeleg med erfaring med kontraktsoppfølging
  • Erfaring med budsjettansvar
  • Kjennskap til relevante standardar og best practice innan ansvarsområdet
  • Relevant høgare utdanning på bachelor eller masternivå innan til dømes IKT
  • God formidlingsevne, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Samlande og motiverande leiareigenskapar
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Har høg drivkraft og gjennomføringsevne og evner å omsette strategiske mål til konkrete resultat
  • Er fleksibel, samarbeidsorientert og deler kunnskap
  • Er fagleg nysgjerrig og evner å bidra til utvikling innan relevante fagfelt
  • Trivst med mange ballar i lufta, og evner likevel å halde struktur og oversikt

Vi tilbyr

  • Ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad
  • Eit engasjert arbeidsmiljø med gode kollegaer
  • Gode moglegheitar for faglig utvikling
  • Gode og stabile arbeidstilhøve gjennom Vestland fylkeskommune
  • Fleksibel arbeidstidsordning
  • Løn etter avtale
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår 

 

Andre opplysingar

  • Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk
  • Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25,2.ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjar som har bedt om unntak vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Kontaktinformasjon

André Tangen, leiar, 91807390

Arbeidsstad

Lars Hilles gate 22
5008 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4850870027
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.09.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Skyss orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Om Skyss

Skyss har ansvaret for det offentlege tilbodet med buss, bybane, båt og ferje i Vestland fylke.

Vi er eit kompetanseorgan for mobilitet og kollektivtrafikk i fylket, og skal sikre at vi når dei politiske måla som fylkestinget set for kollektiv- og mobilitetstenester. Skyss sitt mål er å gjere det mogleg for kvar enkelt å reise berekraftig frå der du er til dit du skal.

Skyss skal bidra til å nå klimamåla i Parisavtalen. Vi skal gjennom ein forretningsmessig og digital transformasjon, slik at vi kan sikre samanheng i mobilitetstenester på nye måtar til det beste for innbyggarane i Vestland. For å få dette til, må vi styrke laget med nøkkelpersonar som har interesse for mobilitet og som ønsker å bygge bru mellom dagens løysingar og eit mobilitetstilbod for framtida. Skyss er ei eining i Vestland fylkeskommune, har om lag 100 tilsette og eit budsjett på vel 4 milliardar kroner.

Les meir om Skyss her: Jobb og karriere i Skyss

Webside skyss.no
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted BERGEN (Adresse: Lars Hilles gate 22 Postnr: 5008)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 22-09-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/66713f57-347b-41e9-9120-ba0be71cd4d3
IMPORTAPI