Stillingsbeskrivelse

Published 01-12-2024
Deadline: 12-01-2025

 

Fagbioingeniør ved Seksjon for lege- og rusmiddelanalysar

Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er det største laboratoriet ved Haukeland universitetssjukehus og har ca. 350 tilsette. MBF har 12 analytiske og 4 ikkje-analytiske seksjonar. Avdelinga har også tre legegrupper (Medisinsk biokjemi, Hormonlaboratoriet og Klinisk farmakologi). 

Avdelinga utfører ei rekke analysar innan fagområda medisinsk biokjemi og klinisk farmakologi og har moderne analyseinstrument. I tillegg til omfattande rutinedrift blir det drive forsking og utviklingsarbeid. Laboratoriet er akkreditert etter ISO standard 15189.

Seksjonen har 18 medarbeidarar, dette inkluderer 6 kjemikarar og 3 fagbioingeniørar. 

Analyserepertoaret består av analyse av >50 ulike legemiddel og >40 ulike rusmiddel. Det blir årleg analysert ca. 30.000 legemiddelanalysar og 25.000 rusmiddelanalysar. Dette er prøvar både frå sjukehuset sine pasientar og frå primærhelsetenesta. 

Seksjonen har avanserte analyseinstrument (LC-MS/MS, LC-QTRAP-MS, LC-QTOF-MS, GC-FID), samt moderne robotar for handtering og opparbeiding av prøvemateriale.
Alle analysemetodane er utvikla ved seksjonen. 

Frå 03.03.2025 blir det ledig fast stilling som fagbioingeniør. Stillinga er ei dagstilling utan vaktarbeid.

Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging av analysemetodane immunsuppressiva og PEth
  • Jamleg tillaging og testing av ulike løysingar til drift av analysemetodane
  • Dagleg og vekentleg instrumentvedlikehald
  • Oppfølging av analytisk kvalitetskontroll
  • Skrive og redigeringsarbeid i EK
  • Opplæring og sertifisering av tilsette på seksjonen
  • Undervisning/rettleiing av bioingeniørstudentar
  • Delta i dei daglege rutinane ved seksjonen, inkludert blodprøvetaking
  • Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør med minimum 2 års praksis etter endt utdanning
  • Erfaring frå arbeid med LC-MS/MS metodar og farmakologiske analysar er ein fordel
  • Gode datakunnskapar er ein fordel
  • Må meistre norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide nøyaktig, systematisk og konsentrert
  • Positiv, hjelpsam, løysingsorientert og målretta
  • Viser fagleg tryggheit, tillit og respekt
  • Punktleg, påliteleg og ansvarsbevisst
  • Gode gjennomføringsevner
  • Vere ein god teamarbeidar og bidra til godt samarbeid på seksjonen
  • Trivast i eit dynamisk arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
  • Grundig opplæring og innføring i oppgåvene vil bli gitt
  • Dagstilling utan vakter
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Kristin H. Gundersen, Seksjonsleiar, 55973257, kristin.hodneland.gundersen@helse-bergen.no
Ingunn Børø, Sjefbioingeniør, 55977882, ingunn.boro@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsbakken 49
5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4888797038
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 03.03.2025
Søknadsfrist: 12.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Helse Bergen orgnr: 974557746
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Bioingeniør
Sted BERGEN (Adresse: Haukelandsbakken 49 Postnr: 5009)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse 03-03-2025
Søknadsfrist 12-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/ef750a17-02ea-4a12-9bb8-5f6690dc7f5f
IMPORTAPI