Stillingsbeskrivelse

Published 01-12-2024
Deadline: 15-12-2024

 

Fagbioingeniør ved Preanalytisk seksjon

Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er ein av i alt åtte einingar som er organisert under Laboratorieklinikken i Helse Bergen. MBF har 12 analytiske og 3 ikkje-analytiske seksjonar, tre legegrupper (medisinsk biokjemi, Hormonlaboratoriet og klinisk farmakologi), i tillegg til NAPOS, NOKLUS Vest, RELIS og SOReg. Med dette er MBF den største avdelinga i Laboratorieklinikken.

MBF utfører ei rekkje analysar innan fagområda medisinsk biokjemi og klinisk farmakologi og har moderne analyseinstrument. I tillegg til omfattande rutinedrift blir det drive forsking og utvikling. Laboratoriet er akkreditert etter ISO standard 15189.

Preanalytisk seksjon er den største seksjonen ved MBF og har om lag 50 tilsette, både bioingeniørar og helsesekretærar. Seksjonen har ansvar for mottak, registrering, fordeling og forsending av prøver til MBF og andre laboratorium. Store delar av prøvefordelinga er automatisert. I tillegg har seksjonen ansvar for alle kontorfaglege oppgåver som blir utført, samt oppgåver knytta til prosjekt. Preanalytisk seksjon har driftsansvaret i poliklinikk for blodprøvetaking i Sentralblokka, ved Zander K og ved helsehuset i Nordhordaland.

Vi har no ledig fagstilling ved preanalytisk seksjon. Fagstillinga vil ha sitt hovudvirke i prøvemottak og poliklinikk for prøvetaking.

Aktuelle søkarar vil bli kontakta fortløpande. Oppstart etter avtale.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for rettleiing av medarbeiarar og studentar
  • Bidra i praktisk gjennomføring av kurs
  • Suparbrukar av Imatis
  • Enkelt vedlikehald av preanalytisk utstyr
  • Avviksbehandling i synergi og oppfølging av prosedyrar i EK 
  • Eco online
  • Den som blir tilsett vil delta i alle driftsoppgåver ved seksjonen
  • Andre oppgåver kan tilkome      

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør
  • Fortrinnsvis 2 års erfaring frå arbeid i laboratorium
  • Erfaring frå tilsvarande preanalytisk verksemd kan vere ein fordel
  • Må meistre godt norsk munnleg og skriftleg 

Personlege eigenskapar

  • Ansvarsbevisst med evne til å arbeide målretta 
  • Løysingsorientert, nøyaktig og strukturert
  • Fleksibel og endringsvillig
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Vere engasjert i fagfeltet og like å delta i opplæringa ved seksjonen
  • Kan abeide sjølvstendig og i team

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Stillinga er ei dagstilling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Godt arbeidsmiljø

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Nina Marie Namtvedt, Seksjonsleiar, 55977829, nina.marie.namtvedt@helse-bergen.no
Ingunn Børø, Sjefbioingeniør, 55977882, ingunn.boro@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsbakken 49
5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4891049986
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Helse Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Bioingeniør
Sted BERGEN (Adresse: Haukelandsbakken 49 Postnr: 5009)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 15-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/1472187f-f2a4-4e04-aa0c-516b8a89220c
IMPORTAPI