Fagarbeidar – Voss herad Skulestadtunet/vegen fellesbustad

Education Videregaende skole

(4 dager siden)

  • Voss
  •  Lagt til dato: 1. oktober 2024
  •  Expire date: 22. oktober 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 01-10-2024
Deadline: 22-10-2024

 

Fagarbeidar

Ynskjer du ein gjevande og meiningsfull jobb med fokus på god livskvalitet i eit spanande fagmiljø med dyktige kollegaer? Då må du søkje her!

Skulestadtunet og Skulestadvegen har ledig 80% fast stilling som fagarbeidar med oppstart 01.11.2024 eller etter avtale.

Om arbeidsstaden

Stillinga er i avdeling for menneske med nedsett funksjonsevne, for tida i Skulestadtunet og Skulestadvegen omsorgsbustader. Her er det til saman 12 bebuarar som bur i eigne leilegheiter. Bebuarane er ein aktiv gjeng og fleire av dei deltek på ulike aktivitetar som til dømes fotball, musikkgruppe og badegruppe. Me har òg eit ambulerande team, der me gjev tenester til personar som bur i eigne leilegheiter i nærområde. Stillinga er i turnus med jobb kvar 4.helg, dag- og seinvakter, langvakter og kvilande nattevakt. 

Me har eit fokus på kvardagsmeistring og jobbar for å ivareta bebuarane på best mogleg måte ved å gje tenester med fokus på sjølvstende og sjølvråde. Bebuarane skal få bistand til å ta eigne val ved hjelp av rettleiing og avgjerdsstøtte. Dette krev at personalet kan sjå den enkelte, og legge til rette for individuelle behov.

Verdiane våre er: profesjonell – påliteleg – skapande – inkluderande

Arbeidsoppgåver

  • Legge til rette for å delta i kvardagslege gjeremål og aktivitetar
  • Målretta miljøarbeid
  • Medikamenthandtering
  • Primærkontaktansvar  
  • Skapa tryggleik og struktur 
  • Delta saman med bebuarane på turar og fritidsaktivitetar
  • Praktiske gjeremål og andre delegerte oppgåver frå leiar
  • Vere løysingsorientert og fleksibel om uventa situasjonar eller endringar oppstår
  • Tilsett skal vera ein støtte og rollemodell for bebuarane på alle områder. Me legg vekt på brukardeltaking og har fokus på aktivitet og hjelp til sjølvhjelp.
  • Arbeidsoppgåvene varierer frå stell og pleie, huslege gjeremål til trening/motiveringsarbeid, oppfylging av helse, samarbeid med andre etatar og pårørande
  • Alle bebuarane har tiltaksplanar og dokumentasjon skal utførast i fagprogrammet Gerica
  • Du må ha god datadugleik
  • Alle må bidra i primærgrupper rundt bebuarane og ta ansvar for å gjennomføre tiltak, oppdatere tiltaksplanar, halde seg orientert om endringar, og rapportere i Gerica

Me søkjer

  • Fagarbeidar med relevant utdanning (helsefagarbeidar, barne- og ungdomsarbeidar, aktivitør). Assistent med relevant erfaring kan bli vurdert til fagutdanningstillinga 
  • Kunnskap om og interesse for å arbeide innan fagfeltet menneske med nedsett funksjonsevne
  • Fordel om du har kjennskap til MinGat og Gerica
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Evne til omstilling og fleksibilitet
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Førarkort klasse B

Me tilbyr

  • Gode vilkår for fagleg utvikling
  • Fadder under opplæringstida
  • Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Godkjend politiattest må framleggas før tiltreding i stillinga

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslovene § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden. 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Voss herad Skulestadtunet/vegen fellesbustad orgnr:
Kort om arbeidsgiver Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport.
Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.
Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.

Verdiane våre er profesjonell – påliteleg – skapande – inkluderande

Webside
Bransje Utdanning
Yrke Videregående skole
Sted Voss (Adresse: Postnr: )
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 22-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/3ebae19f-cf32-4ad3-8bcb-c1daf9db4173
IMPORTAPI