Fagarbeidar veg – Tysnes kommune

Construction Maskin og kranforer

(1 dag siden)

  • UGGDAL
  •  Lagt til dato: 6. oktober 2024
  •  Expire date: 27. oktober 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 06-10-2024
Deadline: 27-10-2024

 

Fagarbeidar veg

Tysnes kommune har ledig ei 100 % fast stilling innan drift- og vedlikehaldsavdelinga.

Stillinga inngår i kommunen si eining for drift og vedlikehald, og rapporterer til einingsleiar. Eininga har drifts- og vedlikehaldsansvar for kommunale bygg, kyrkjegårdar, veg, vatn og avlaupssystem. Stillinga er spanande, krevjande og svært variert med eit samfunnsnyttig mål.

Arbeidsoppgåvene er hovudsakeleg knytta til drift, vedlikehald og tilsyn av kommunale vegar og kaier. Stillinga inngår i vaktavtale innan områda veg, vatn og avløp. Det vil også medføra noko arbeid knytt til dei kommunale vassanlegga også på dagtid. 

Me søkjer etter ein engasjert, dyktig og initiativrik medarbeidar, som ønskjer å bidra i drift og utvikling av kommunen sine eigedommar og anlegg.

Arbeidsoppgåver

  • Utføring av sommar- og vintervedlikehald av kommunale vegar og plassar.
  • Følgja opp rammeavtalar, kontraktar og service avtalar innan vegdrift, bruer og kaiar.
  • Oppfølging  av vegutviding og vegsikring av kommunal veg. 
  • Delta i prosjektarbeid knytt til driftsavdelinga, særskilt områda veg, vatn og avlaup.
  • Inngår i kommunen si vaktordning på veg, vatn og avlaup.
  • Andre relevante oppgåver innan driftsavdelinga må påreknast.

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev innan anlegg eller VVS er ønskjeleg. Mekaniske eller andre relevante fagbrev vert også vurdert som aktuelt.
  • ADK sertifikat.
  • Førarkort klasse B og C. BE og T.
  • G8 lastekran, IKS- kurs er ynskjeleg, men ikkje krav.
  • Erfaring frå praktisk retta arbeid.
  • God norsk framstillingsevne, både skriftleg og munnleg
  • God kunnskap i bruk av data og ulike datasystem for rapportering, kvalitetsarbeid og andre oppgåver.

Personlege eigenskapar

  • Omgjengeleg med kollegaer og dei ulike brukarane i kommunen
  • Er positiv, fleksibel og du ser løysingar på små og store problem
  • Du har ein teknisk interesse og blir motivert av å nytta den til å finne gode løysingar for bruk, drift og vedlikehald av eit tiltak
  • Du arbeider sjølvstendig, men er også klar for å samarbeida når det trengs
  • Du trivst med høgt tempo og fysisk arbeid
  • Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.

Me tilbyr

  • 100 % fast stilling
  • Utfordrande, hektisk og lærerik arbeid i eit godt arbeidsmiljø.
  • God opplæring og fokus på fagleg kvalitet.
  • Løn etter kommunalt regulativ.
  • Gode pensjonsordningar gjennom KLP.
  • Ein inkluderande arbeidsplass, med gode rutinar for oppfølging og tilgang til bedriftshelseteneste.

 

Mangfaldserklæring
Tysnes kommune ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. 

Kontaktinformasjon

Jostein Meland, Konst. einingsleiar, 900 92 587
Charles Lunde, Konsulent teknisk, 481 08 299

Arbeidsstad

Rådhuset
5685 UGGDAL

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Tysnes kommune

Referansenr.: 4859737150
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Tysnes kommune orgnr: 976830849
Kort om arbeidsgiver

Draumen om livet på landet, finn du på Tysnes!

Tysnes er ein sentralt øykommune sør for Bergen, og om du spør oss: verdas beste kommune å veksa opp i!

Når me tel med store og små, er me i dag omlag 2900 godlyndte innbyggjarar i Tysnes. Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skapa gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å leva og bu i.

Tysnes er ein hjarteforma kommune nord i Sunnhordland. Perfekt for deg som er på jakt etter ein roleg og eventyrleg livsstil. Me har kort veg til kringliggande byar, og me trur du vil bli overraska over kor mykje kystkommunen har å tilby.

Me har flotte badeplassar og skianlegg på fjellet, frodig natur og skiftande landskap. Frå høgfjell til idylliske hamner, med gode moglegheiter for friluftsliv.

Eit rikt lags- og organisasjonsliv gjer eit variert fritidstilbod til både vaksne og unge. Småskalaprodusentar byr på ekte og økologiske smaksopplevingar. Øya byr på eit riktig kulturliv gjennom heile året, med Tysnesfest om sommaren som den største.

Sentralt plassert, men likevel langt nok unna kjaset og maset til bylivet. Det betyr at du kan nyta frisk luft, kulturelle storhendingar og avslappande ro. Med uendelege høve til å utforska fjell og fjord, er Tysnes den perfekte staden å kalla heim.

Webside http://www.tysnes.kommune.no
Bransje Bygg og anlegg
Yrke Maskin- og kranfører
Sted UGGDAL (Adresse: Rådhuset Postnr: 5685)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 27-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/4faf6a7b-3d94-4b57-9c32-ba53aabe16af
IMPORTAPI