Fagarbeidar – Veg og park, Volda kommune, Samfunnsutvikling
Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare(1 uke siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 11-11-2024
Deadline: 24-11-2024
Fagarbeidar
I avdeling Veg og Park i Volda kommune er vi stolte av ein organisasjon som er prega av åpenheit, utvikling og samhald. Vi legg vekt på at du skal trivast og oppleve oss som både spanande, trygge og utfordrande i din kvardag. Avdelinga har ansvar for drift og vedlikehald av kommunale vegar, parkar, veglys, hamner, kyrkjegardar, kaier og ute-områder.
Arbeidsoppgåver
- Hovudarbeidsområdet er innanfor veg og anlegg, samt aktivitet avdelinga har ansvar for.
- Drift av vegar, kaier, veglys og utanomhusområder er hovudoppgåver lagt til stillinga.
- Avdelinga har eit breidt ansvar og fagområde, der også vintervedlikehald er ein del av oppgåvene.
- Vi nyttar it-system for oversikt, tildeling og gjennomføring av arbeidsoppgåver.
- Avdelinga yter tenester til alle innbyggarar i kommunen og er med på å gjere kvardagen for oss betre.
- Stillinga tek del i beredskap og brøytevakt.
Kvalifikasjonar
- Primært ønskjer vi søkjarar med fagbrev, men god og relevant erfaring med tilsvarande arbeid vil vere med å vege opp.
- Førarkort klasse BE, C og for anleggsmaskiner er naudsynt.
- Erfaring med ulike anleggsmaskiner vert vektlagt.
- Språkkunnskap (Norsk) er naudsynt.
Personlege eigenskapar
- Du er fleksibel, har stor arbeidskapasitet, humor og bidreg til eit godt arbeidsmiljø i vårt fellesskapet.
- Har gode samarbeidsevner og går godt overeins med andre.
- Er sjølvstendig i arbeidet.
- Erfaring med å møte menneske i ulike situasjonar er viktig for oss og vert vektlagt i vår vurdering.
- Vi oppmodar både kvinner og menn som er kvalifiserte til å søkje på stillinga.
Vi tilbyr
- Eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente medarbeidarar og kort veg mellom medarbeidar og leiar.
- Moderne og oppdatert maskinpark. Lønns -og arbeidsvilkår som er fastsett i lov og avtaleverk.
- God offentleg pensjonsordning i KLP.
- Tilsetjing snarast råd.
Kontaktinformasjon
Ronny Rotevatn, Seksjonsleiar veg og park, 97721957, ronny.rotevatn@volda.kommune.no
Edvin Løfoll, Avdelingsleiar veg/park, +47 91 85 25 43, edvin.lofoll@volda.kommune.no
Arbeidsstad
Rotsetstranda 18
6100 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommune
Referansenr.: 4881436105
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Veg og park, Volda kommune, Samfunnsutvikling orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med i underkant av 11.000 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien. I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kultuliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i. Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut. Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss! |
Webside | |
Bransje | Uoppgitt/ ikke identifiserbare |
Yrke | Ikke identifiserbare |
Sted | VOLDA (Adresse: Rotsetstranda 18 Postnr: 6100) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 24-11-2024 |