Fagarbeidar på Hovden skule – Oppvekst, kultur og inkludering, Ørsta kommune

Carpenters Rorlegger

(18 timer siden)

  • HOVDEBYGDA
  •  Lagt til dato: 13. oktober 2024
  •  Expire date: 30. oktober 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 13-10-2024
Deadline: 30-10-2024

 

Fagarbeidar på Hovden skule

Hovden skule i Ørsta kommune har behov for fagarbeidarar i skule og SFO. Arbeid i ferie-SFO vil utgjere ein del av stillinga. Vi har ledig to vikariat frå dags dato og ut skuleåret 2024/2025.

Hovden skule er ein 1-7 skule med SFO. Det er omlag 110 elevar på skulen og ca 20. tilsette samla i skule og SFO.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeide med elevar i skule og SFO, og vere ein del av grunnbemannniga på SFO og ferie-SFO
  • Assistere elevar med særskilte behov
  • Følgje opp og arbeide med både enkeltelevar og elevgrupper
  • Gjennomføre undervisningsopplegg, planlagt av, og under rettleiing av pedagog
  • Delta i praktisk tilrettelegging av elevar sin skule- og SFO-kvardag
  • Delta aktivt under måltid, friminutt og på turar
  • Bruke elevane sitt kommunikasjonsverktøy aktivt

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer etter barne- og ungdomsarbeidarar (fagbrev) med erfaring frå arbeid i grunnskulen
  • Søkjarar med erfaring frå liknande miljøarbeid vil også kunne vere interessante for stillinga
  • God norsk muntleg og skriftleg framstillingsevne. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
  • Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner og høg relasjonskompetanse
  • Vere løysningsorientert, fleksibel og sjølvstendig
  • Ha eit positivt elevsyn og vektlegge inkludering av born med særskilte behov
  • Er ein god rollemodell og ein trygg og tydeleg vaksenperson
  • Tek i mot rettleiing og er lojal mot våre rutiner
  • God på samarbeid både med born, føresette og andre tilsette
  • Kunne bidra til utviklinga av eit inkluderande og raust arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Varierte arbeidsoppgåver og eit stimulerande arbeidsmiljø der elevane si læring og utvikling står i sentrum
  • Gode pensjons– og forsikringsordningar for tilsette i KLP 

Stillinga er plassert i kap. 4 gr.1.2 – Fagarbeidarstilling

Stillingskode 7517 – Barne- og ungdomsarbeidar, 6684 – Miljøarbeidar alternativt 6572 – Assistent

Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.

Personlege eigenskapar vert vektlagde i ei heilskapleg vurdering av søkjarane.

Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.

Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming.  Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn.  Vi ber om at attestar og vitnemål scannast og lastast opp som vedlegg til søknaden din. 
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid. 

Om offentleglova 
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

Kontaktinformasjon

Annelin Wangen, Rektor, 91 24 84 76, annelin.wangen@orsta.kommune.no

Arbeidsstad

Skulevegen 6
6160 Hovdebygda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ørsta kommune

Referansenr.: 4868467977
Stillingsprosent: 50%
Vikar
Startdato: 01.11.2024
Sluttdato: 31.07.2025
Søknadsfrist: 30.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Oppvekst, kultur og inkludering, Ørsta kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver


Ørsta
kommune er med  om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og
næringsliv. Den gode geografiske plasseringa
vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna
næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta
og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire
daglege direkteruter til Oslo og Bergen.


Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:

Tillit – gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi – gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje – gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver

Utvikling – gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap

Webside https://www.orsta.kommune.no/arbeid/
Bransje Håndverkere
Yrke Rørlegger
Sted HOVDEBYGDA (Adresse: Skulevegen 6 Postnr: 6160)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-11-2024
Søknadsfrist 30-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/d7b5bb63-dbfb-4890-85e7-56722b621550
IMPORTAPI