Stillingsbeskrivelse

Published 03-12-2024
Deadline: 13-12-2024

 

Fagarbeidar/miljøarbeidar/miljøterapeut

Omtale av stillinga

Ved Sunde skule er det ledig 100% fast stilling som fagarbeidar/miljøarbeidar/miljøterapeut for oppstart 1.1.25. Stillinga føl skuleruta og er difor løna i 89%.

Stillinga er mellombels i perioden 1.1.-30.6.25.

Som fagarbeidar/miljøarbeidar/miljøterapeut vil du ha ei sentral rolle i å bidra til at barn opplever meiningsfulle kvardagar i tråd med deira individuelle føresetnader. Dette inneber målretta arbeid knytt til kvar enkelt sitt spesifikke utfordringar. Konkrete døme på oppgåver inkluderer:

Arbeidsoppgåver

  • Tett lagsamarbeid og planlegging med kollegaer rundt barnet på skulen.
  • Assistanse av barnet med å kome seg til skulen, samt deltaking i ulike aktivitetar.
  • Snakke med barnet om følelsar og sosial kompetanse
  • Systematisk samarbeid med familie, anna nettverk og samarbeidspartnarar for å sikre heilskapleg støtte.

Kvalifikasjonar

  • Erfaring med målretta arbeid innan miljøarbeid eller støttekontakt er ein fordel.
  • Evne til å samarbeide tett med andre fagpersonar og foreldre.
  • Ønskeleg at ein har god erfaring med samtalar med barn
  • Fleksibilitet og evne til å tilpasse seg ulike aktivitetar og situasjonar.
  • Førarkort og tilgang til bil er ynskjeleg.
  • Erfaring og kompetanse kring åtferdsvanskar og handtering
  • Ønskeleg med vernepleiarutdanning eller liknande høgare utdanning, men det kan også vera aktuelt med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.

Stillinga er lokalisert ved skulen, med moglegheit for deltaking i ulike aktivitetar som positivt påverkar barnet si utvikling. Det kan til dømes være utplassering på arbeidsplassar, turar til sjåverdigheiter eller andre attraksjonar, fiske.

Vi tilbyr

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar
  • Eit sprudlande kollegium
  • Gode friluftslivtilbod i nærleik av fjord og fjell
  • Tilgang til klatrevegg i gymsal, og skulens segljoller og kanoar

 
 

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 12.11, opplæringslova § 17.11, lov om barnehagar § 30, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kvinnherad kommune Sunde skule orgnr:
Kort om arbeidsgiver Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.
Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter.
Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Nyleg vart Kvinnherad Arena opna, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte.
Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund.
Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring.
Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Miljøarbeidere
Sted SUNDE I SUNNHORDLAND (Adresse: Hamrabrekko 12 Postnr: 5450)
Stillingstype Annet Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 13-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/23de60b0-68e9-4222-b230-c3bf2046e2f2
IMPORTAPI