Fagarbeidar maskin – Myklebust Verft As
(7 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 26-03-2025
Deadline: 15-04-2025
Fagarbeidar maskin
Myklebust Verft er inne i ei spanande periode med mykje arbeid. Vi er eit kombinasjonsverft med oppdrag innan nybygg, større ombyggingar og ulike ettermarknadsoppdrag, og har ca 135 faste tilsette.
Hva vi ser etter
Vi ser etter deg som har fagbrev som industrimekanikar. Det er ynskjeleg med erfaring frå maskinarbeid på verft, hos utstyrsprodusent eller tilsvarande. Du bør ha god kjennskap til maskinarbeid; dreiing, montering, oppretting.
Som person har du stor interesse for maskinarbeid, lett for å ta initiativ, motivasjon for å finne løysingar og lett for å samarbeide med andre. Det er ynskjeleg at du har stor arbeidskapasitet og stå-på humør, samt evne til å arbeide systematisk og målretta.
Arbeidsoppgaver
Som fagarbeidar maskin/dreiing vil du vere ein viktig ressurs i vår produksjon. Vi er ute etter ein person som har god kunnskap og erfaring med dreiing og maskinering. Oppgåver vil i hovudsak vere dreiing, montering og oppretting av ulike komponent for maskinavdelinga.
Arbeidsstad er Myklebust Verft i Gursken i 100% stilling
For meir informasjon om stillinga kan du ta kontakt med:
Produksjonssjef Erlend Sætre, tlf. 480 70 198
HR- og organisasjonssjef Ida Bigset Storaker, tlf. 988 03 925
Vi tilbyr
Myklebust tilbyr:
-
Konkurransedyktig løns- og arbeidsvilkår
-
Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
-
Trivelig arbeidsmiljø med høve til fagleg utvikling
-
Gode pensjons- og forsikringsordningar
-
Fleksitidsordning
-
Velferdsgoder
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Myklebust Verft As orgnr: 971739649 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
På Myklebust er vi stolte av å representere over 100 år med skipsbyggarhistorie. Engasjerte medarbeidarar er vår viktigaste ressurs. I kombinert med høg satsing på kompetanse vil dette sikre oss konkurransefortrinn dei neste 100 år. Myklebust Verft har om lag 135 tilsette fordelt på 15 avdelingar. Dei internt tilsette på verftet representerer åleine over 35 ulike stillingar og titlar. Vidare samarbeider vi tett med underleverandørar og kundar i ein kompleks bransje som ligg langt framme når det gjeld nyskaping og utvikling. Vi arbeider aktivt for å vere eit berekraftig og fleksibelt verft. Berekraft og utvikling er viktig for alle våre tilsette, og er med på å trygge arbeidsplassane våre også i framtida. |
Webside | https://www.myklebustverft.no/ |
Bransje | Industri og produksjon |
Yrke | Maskinteknikk og mekanikk |
Sted | GURSKEN (Adresse: Gurskevegen 68 Postnr: 6082) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Privat |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Etter avtale |
Søknadsfrist | 15-04-2025 |